Helsenorge.no åtvarar mot pågåande svindelforsøk mot pasientar
For tida blir det sendt ut falske e-postar og SMS-ar som utgir seg for å vere frå Helsenorge. Desse må du ikkje svare på. For å vere trygg, ikkje klikk på lenker i slike meldingar, og logg deg alltid inn via helsenorge.no.
Publisert 12.04.2021
Sist oppdatert 17.03.2023
Helsenorge ber deg aldri om kredittkortinformasjon eller passord og kodar i ein førespurnad. Har du oppgitt kort- eller kontoinformasjon, sperr kort og kontoar med ein gong.
– Norsk helsenett, som har ansvaret for Helsenorge, ser alvorleg på slike svindelforsøk og politianmelder desse, seier direktør for HR og kommunikasjon Synnøve Farstad i Norsk helsenett til digi.no.
Les heile saka på digi.no her
Les meir om nettryggleik på nettsidene til helsenorge.no