Innsyn i prøvesvar på helsenorge.no

Du som pasient  i Helse Vest vil no sjå svar på utvalde prøvar og undersøkingar ved sjukehus i Helse Vest.

Publisert 14.03.2022
Sist oppdatert 28.07.2022
Diagram
Illustrasjon: Norsk Helsenett SF
​Dette gjeld prøvesvar som sjukehuset sjølv har bestilt, og i hovudsak svar innan patologi (vev- og celleprøver) og skildringar av radiologiundersøkingar (for eksempel røntgen, MR, CT og PET). Prøver som er bestilt utanfor sjukehuset blir ikkje vist. Det betyr at du ikkje vil finne prøver som er bestilt av fastlegen, heimetenesta eller andre legekontor.
Resultat av undersøkinga

Svar på prøvar og undersøkingar blir sendt til den som har bestilt prøven for deg.
Om legen som tilviste deg, ser det naudsynt å gå gjennom svarene med deg, vil du bli kontakta. Laboratoriet eller radiologisk avdeling har diverre ikkje høve til å formidle prøvesvar til deg. Det er ulikt kor lang tid det tar å analysere ein prøve eller ei undersøking. Medan nokre prøvesvar vil vere ferdig etter nokre minutt, vil andre vere klar etter timar, same dag eller neste dag. For enkelte prøvesvar kan det ta dagar før svare føreligg. Ved prøver som vi må sende til andre sjukehus kan svartida variere frå dagar til veker.


Kvifor? 

– Dette er informasjon som pasienten svært gjerne vil ha. Nokon har tatt brystdiagnostikk. Andre har tatt celleprøvar. Andre igjen er kronisk sjuke som ønskjer å forstå meir om sin eigen sjukdom, og som no kan følgje med på utviklinga over tid, seier Margrete Wie.

Wie er leiar for prosjektet som har resultert i at innbyggjarane no kan få innsyn i utvalde prøvesvar. Prosjektgruppa frå Helse Vest IKT har jobba saman med legar frå heile regionen. Saman har dei vurdert alle sider av innføringa, og korleis dette kan gjerast på ein god måte.

– Det har vore viktig å forankre dette på tvers av sjukehus og fagområder, for det er framleis mange skeptikarar. Legen med 150 kreftpasientar er bekymra for korleis pasientane brukar informasjonen. Pasienten vil på sin side veldig gjerne ha denne informasjonen, seier Wie.

Eit tilleggstilbod

Innsyn i prøvene gjer det mellom anna mogeleg for pasienten å samanlikne gamle og nye prøvesvar, og bruke dette til å lære meir om sitt eige sjukdomsbilete. Eit viktig spørsmål for prosjektgruppa har vore kva dette kan gjere med dialogen mellom behandlar og pasient.

– Den direkte kommunikasjonen med legen vil alltid vere viktigast, og det er legen som først skal informere pasienten om prøvesvar. Difor er det også lagt opp til ei forseinking før svara blir tilgjengeleg på helsenorge.no. Innsyn i eigne prøvesvar skal vere eit tilleggstilbod til pasienten, seier Wie.

Ønskjer full openheit

Når no fleire prøvesvar blir tilgjengeleg gjennom helsenorge.no, er det ein del av ein langt større prosess der målet er full openheit. På sikt skal innbyggjarane finne alle sine prøvesvar her.

- Dette er eit stort og omfattande arbeid, og det vil ta tid før alt er på plass. Når vi no leverer prøvesvar innan patologi og radiologi, er det eit viktig steg på vegen. Her går vi i Helse Vest først, seier Wie.


Kva prøvesvar finn du på helsenorge.no?

Du vil finne prøvesvar bestilt av sjukehuset i desse kategoriane:
- Patologisvar (undersøkingar av vev- og celler)
- Radiologiundersøkingar (til dømes røntgen, MR, CT og PET).
- Enkelte andre tekstlege prøvesvar.
Prøvesvar som er bestilt av fastlegen din vil inntil vidare ikkje visast på denne måten, sjølv om dei er utført på sjukehuset. Du må sjølv kontakte fastlegen for å få svar på desse undersøkingane.





​​Merk at prøvesvar blir brukt som arbeidsverkty for helsepersonell. Språket må vere presist for å unngå misforståingar, og inneheld av den grunn ord og uttrykk som kan vere vanskeleg å forstå.