«Kva er viktig for deg»-dagen 9. juni 2022

Kva er viktig for deg

Gjennom å markere denne dagen, ønskjer vi å minne om eit viktig spørsmål å ta med i samtalen mellom brukarar og helsepersonell: Kva er viktig for deg?

Publisert 08.06.2022
Sist oppdatert 28.07.2022

Illustrasjon; mann med grønn genser og dame med rosa genser og grått hår .

Markerer dagen på fleire stader

Skal du på sjukehuset 9. juni, kan du treffe nokon av oss i Foajéen i Sentralblokka. Dagen vil også bli markert på Kvinneklinikken, i Psykiatrisk klinikk. Psykisk helsevern for barn og unge i Glasblokkene, Avdeling for rusmedisin på Murhjørnet og Lærings- og meistringssenteret.

Her inviterer vi både pasientar, pårørande og tilsette til å skrive ein lapp til oss om kva som er viktig for deg. Du kan også dele dine tankar i sosiale medier ved å bruke emneknaggen #mitthaukeland. Husk å ikkje skrive personlege opplysningar.

Alle innspel blir tatt med til Brukarutvalet og Ungdomsrådet og vidare til dei som jobbar her på sjukehuset. Slik kan tilbakemeldingane om kva som er viktig for deg vere med på å betre tenestene våre.

Internasjonal markering

«Kva er viktig for deg»-dagen har sidan 2014 blitt ein internasjonal rørsle der Noreg saman med om lag 50 andre land i verda markerer kor viktig dette enkle spørsmålet er:

Kva er viktig for deg?