Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lærum fast tilsett som direktør på Voss sjukehus

Birger Norderud Lærum er konstituert i stillinga og fra fredag 26. april fortsett han som fast tilsett direktør.

Publisert 29.04.2024
Sist oppdatert 04.09.2024
En mann med briller

Foto: Helse Bergen

Birger Norderud Lærum.

–  Eg er glad for at Birger vil fortsette det arbeidet han har starta saman med dei andre gode leiarane og medarbeidarane på Voss. Sjukehuset har ein viktig plass i sitt område, samtidig som det er ein viktig del av Haukeland Universitetssjukehus. Vi er godt i gang med planar for framtida som no skal utviklast vidare og realisert til det beste for pasientar og gode medarbeidarar, seier administrerande direktør Eivind Hansen.  

–  Vi har hatt fleire godt kvalifiserte søkarar til stillinga, og har gjort eit grundig arbeid med rekrutteringa, seier Hansen, som trekker fram den nye direktørens breie erfaring.

Lærum har vore ass-dir på Voss sjukehus sidan juni 2022. Han kom då frå jobben som leiar på ØHD-posten i Bergen kommune. Han har og vore direktør på LHL-klinikken på Nesttun og jobba som lungelege på Haukeland.  

– Birger har lang erfaring frå ulike stillingar både på Haukeland og i andre deler av helsetenestene. Han har vore ass. direktør på Voss og i siste periode vore konstituert. Han har gode forutsetningar for å lukkast i denne viktige rolla i åra som kjem. Eg ser fram til utviklinga og samarbeidet og ynskjer Birger og Voss sjukehus lukke til, seier Eivind Hansen.

Birger Lærum er både glad, stolt og audmjuk.

 – Det er både med glede og respekt eg takkar ja til stillinga. Gjennom tida som overlege, assisterande direktør og no konstituert direktør, har eg fått god innsikt i både styrkane og utfordringane på Voss. Gjengen på sjukehuset er utruleg flott, framoverlente, arbeidssame og spreke. Saman med den dyktige leiargruppa og særleg i det tette samarbeidet med assisterande direktør Gunn Iren Hovda Engvold, er eg viss på at vi er godt rusta til det beste for sjukehusets framtid både lokalt og som ein viktig del av Haukeland universitetssjukehus, seier Birger Lærum.