Ny innflyttingsdato klar for Glasblokkene
23. oktober blir ny innflyttingsdato for Barne- og ungdomsklinikken og dei andre einingane som skal inn i Glasblokkene i første flyttepulje.
Publisert 03.07.2023
Sist oppdatert 04.09.2024
Det blir dermed fem veker seinare innflytting enn planlagt for første pulje, som opprinneleg skulle flytte 18. september. Forseinkingar knytt til teknologien for akutt- og pasientvarsling i Glasblokkene er årsaka til at programstyret for to veker sidan beslutta å utsette innflyttingsdatoen:
23. oktober blir ny innflyttingsdato for Barne- og ungdomsklinikken, medan Kvinneklinikken beheld sin opprinnelege innflyttingsdato 7. november.
– Våre eigne miljø, IKT-selskapet og leverandører har no stått på for å lage ein ny tidsplan og setje inn tiltak og ressursar for å bli ferdige med kritisk infrastruktur og teknologi i tide. Basert på dette har vi saman med klinikkane kome fram til ein ny innflyttingsdato, seier administrerande direktør Eivind Hansen.
Han legg til at det framleis er behov for å følgje arbeidet med dei tekniske løysingane som skal brukast i Glasblokkene tett gjennom sommaren.