Nye styre i helseføretaka i Helse Vest
Det er oppnemnd nye styre i helseføretaka på Vestlandet i føretaksmøte 23. februar 2022.
Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF ser fram til samarbeidet med styra i helseføretaka:
– Vi har klare styringsmål for sjukehusa på Vestlandet og kompetansen i styra skal nyttast til god styring og utvikling, for å sørge for at tenestene våre er berekraftige og framtidsretta.
Styret i Helse Vest RHF har lagt vekt på ulike føringar og moment i valet av styremedlemmer i helseføretaka på Vestlandet. Mellom anna slår Helseføretakslova fast at det skal leggjast vekt på legitimitet i befolkninga. Styret skal til saman inneha den naudsynte kompetansen til å ivareta oppdraget og ansvaret styret er pålagt gjennom lovgiving og av eigar.
Styra i Helse Stavanger HF, Helse Førde HF, Helse Bergen HF og Helse Fonna HF har 11 medlemmer kvar der sju er eigaroppnemnde medan fire er valde av og blant dei tilsette. Styret i Sjukehusapoteka Vest HF har ni medlemmer, der seks er eigaroppnemnde og tre medlemmer er valde av og blant dei tilsette.
Dette er dei eigaroppnemnde styremedlemmane i styra i Helse Vest frå 23. februar:
Helse Bergen HF
- Terje Breivik, styreleiar
- Signy Midtbø Riisnes, nestleiar
- Rolf Martin Tande
- Bente Enehaug-Rebnord
- Kjeld Zacho Jørgensen
- Per Morten Sandset
- Hilde Christiansen
Helse Førde HF
- Ole Gunnar Krakhellen, styreleiar
- Anne Sissel Faugstad, nestleiar
- Aud Ingrid Espeland
- Reidar Sandal
- Thomas Vingen Vedeld
- Marit Hermansen
- Ivar Eriksen
Helse Fonna HF
- Petter Steen jr., styreleiar
- Brian Bjordal, nestleiar
- Ingvill Skogseth
- Anne Sissel Faugstad
- Kjersti Follesø
- Helga Arianson
- Per Karlsen
Helse Stavanger HF
- Bjørn Erikstein, styreleiar
- Christine Sagen Helgø, nestleiar
- Nina Langeland
- Hege Ebeltoft
- Unn Therese Omdal
- Knut Vassbø
- Ivar Eriksen
Sjukehusapoteka Vest HF
- Trude Marit Risnes, styreleiar
- Olav Klausen, nestleiar
- Arve Varden
- Helle Schøyen
- Clara Beate Gram Gjesdal
- Ola Jøsendal