Nytt pasientjournalsystem i Helse Bergen

7. mars tar Helse Bergen i bruk den elektroniske pasientjournalen DIPS Arena i alle somatiske einingar i føretaket. For pasientar og besøkande kan dette bety noko lengre ventetid ved timeavtalar og auka svartid på telefon i eit par veker framover.

Publisert 06.03.2022
Sist oppdatert 28.07.2022
Vi håper på forståing og tolmod frå pasientar og besøkande i forbindelse med overgangen til nytt journalsystem, og vi planlegg for at dette skal gå så smidig som mogleg. 

Den nye pasientjournalen DIPS Arena erstattar DIPS Classic, og har ny og meir moderne funksjonalitet. Oppgradering til nytt system er nødvendig for å sikre eit effektivt og sikkert system i tråd med ei meir digitalisert samfunnsutvikling. Det er viktig både for den enkelte pasient, medarbeidarane i sjukehuset og dei Helse Bergen samhandlar med i offentleg og privat verksemd. Innføringa av DIPS Arena legg for eksempel betre til rette for digital samhandling mellom pasient og behandlar via helsenorge.no. 

Innføringa av DIPS Arena vil forenkle, effektivisere og bidra til å ytterlegare trygge kvardagen for pasientar, pårørande og helsepersonell.