Pasientar kan førehandsstemme
Alle innlagde pasientar i Helse Bergen vil få moglegheit til å førehandsstemme under lokalvalet i haust. Det blir sett opp eit eige vallokale i foajeen i Sentralblokken i perioden 28. august - 8. september. Måndag til fredag kl. 10.00 - 18.00.
Publisert 14.08.2023
Sist oppdatert 04.09.2024
Om ønskeleg besøker valmedarbeidarar også pasientar på sengepost. Bestemte datoar og tider er sett opp for det.
Førehandsstemming ved Helse Bergens lokale er primært for pasientar, men alle veljarar har tilgang til å gi førehandsstemme. Derfor kan pårørande og tilsette også førehandsstemme om dei har anledning til det.
Legitimasjon
I følgje vallova skal alle som stemmer ved valet vise legitimasjon, men dei som oppheld seg på ein institusjon som sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan få ein tilsett ved institusjonen til å stadfeste identiteten sin. I slike tilfelle må den tilsette legitimere seg.
Valkort
Ha gjerne med deg valkort dersom du ønskjer å stemme. For veljarar som ikkje har med seg valkort, vil valmedarbeidaren skrive ut eit nytt.
Veljarar som treng assistanse ved førehandsstemming
Veljarar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting ikkje kan stemme åleine, kan etter eige ønske få hjelp av ein valmedarbeidar eller ein annan person som veljaren sjølv peiker ut.
Spørsmål om gjennomføring av førehandsstemming kan sendast til
Synnøve Tangen Stub, synnove.tangen.stub@helse-bergen.no, tlf. 90019408
Grethe Borvik Holmstrøm, grethe.borvik.holmstrom@helse-bergen.no, tlf. 41306447
Bergen Kommune / Innbyggerservice, tlf. 55 56 55 56