Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Randi-Luise Møgster ny direktør for Divisjon psykisk helsevern

Randi-Luise Møgster er tilsett som ny direktør for Divisjon Psykisk Helsevern i Helse Bergen. Møgster tek til i stillinga 10. juni 2024.

Publisert 30.04.2024
Sist oppdatert 04.09.2024
En person som bruker briller
Randi-Luise Møgster blir ny direktør i Divisjon psykisk helsevern. Foto: Øystein Fykse

Randi-Luise Møgster kjem frå stillinga som viseadministrerande direktør i Helse Bergen, og har lang erfaring i Divisjon psykisk helsevern både som leiar og psykiater. 

- Som viseadministrerande direktør har Randi-Luise gjort ein svært god jobb, særleg med samhandling og brukarinvolvering. I henne får divisjonen ein leiar som både har lang leiarerfaring og kjenner fagfeltet og organisasjonen godt, seier administrerande direktør Eivind Hansen i Helse Bergen.

-Eg er glad for at Randi-Luise Møgster skal føre dei viktige satsingane våre innan psykisk helse vidare saman med kompetente medarbeidarar og leiarar i divisjonen. Dette er eit viktig fagfelt med mange brukarar som treng at vi utviklar tenestene våre vidare i nært samspel med både brukarane, kommunane og andre aktørar. I Randi-Luise får vi ein direktør som har svært gode føresetnader til å leie dette arbeidet vidare.

Møgster ser fram til å kome tilbake til divisjonen. Då ho vart viseadministrerande direktør i Helse Bergen i 2018, kom ho frå jobben som leiar på Kronstad DPS.

-Det er med ei stor grad av audmjukskap, i tillegg til mykje glede og entusiasme, at eg går inn i denne stillinga og tar over stafettpinnen etter at Hans Olav Instefjord har leia divisjonen trygt gjennom 21 år, seier ho.

- Eg ser fram til å jobbe saman med dyktige fagfolk, gode leiarar, tillitsvalde, verneombod og engasjerte brukarar på vegen mot å realisere planane som er lagt for Framtidas psykiske helsevern, både for barn, unge og vaksne.  I dette arbeidet skal vi knytte psykiatri, rus og somatikk tettare saman og sikre heilskaplege tenester for brukarane våre, på tvers av klinikkar, teneste- og forvaltningsnivå.  Saman må vi sikre fortsatt gode rammer for forsking, innovasjon, fag - og tenesteutvikling. På den måten møter vi framtidas utfordringar og moglegheiter innan psykisk helsevern. I dette arbeidet ligg divisjonen allereie langt framme. Eg gler meg til å kome tilbake til divisjonen, treffe gode folk og ta fatt på oppgåvene i godt fellesskap!