PRESIS-DIA

Satsar stort på nytt diabetes-senter

Trond Mohn stiftelse, Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus går saman om opprettinga av eit diabetes-senter, med mål om å utvikle skreddarsydd behandling til diabetes-pasientar.

Tekst: Marte Ingeborg Stangenes, Foto: Eivind Senneseth
Publisert 16.06.2022
Sist oppdatert 28.07.2022
Gruppebilde ledergruppen for diabetessenteret. Foto
Leiargruppen ved det nye diabetes-senteret: F.v. Valeriya Lyssenko, Pål R. Njølstad og Gunnar Mellgren.

– Dei fleste diabetes-pasientar lev gode liv, men responsen på behandlinga varierer og mange pasientar utviklar komplikasjonar. Diagnostikk og behandling kan bli enda betre, og det skal vi bidra til, seier leiaren for det nye forskingssenteret, professor Pål R. Njølstad.

Trond Mohn stiftelse, Universitetet i Bergen (UiB), og Haukeland universitetssjukehus finansierer senteret, som har fått namnet PRESIS-DIA, med i alt 52 millionar kroner dei neste fem åra.

Treng meir kunnskap

Diabetes er blant dei mest utbreidde sjukdommane både nasjonalt og internasjonalt. Om lag 350.000 nordmenn har diagnosen, det same gjeld for om lag 540 millionar menneske i verda. Dei siste åra er det gjort store framsteg innan forsking på diabetes. Det er blant anna oppdaga over 500 gen-variantar av dei vanlege diabetesformene, type 1 og type 2. 

– Dagens klassifisering av diabetes er for grov, og grunnleggande mekanismar for sjukdommen er berre delvis kjend. Auka kunnskap om årsaker, mekanismar, og betre klassifikasjon, er sentralt for å utvikle metodikk som kan gje den enkelte pasient skreddarsydd og unik behandling, det vi kallar presisjonsmedisin, fortel Njølstad.

Breitt samarbeid

Ved det nye senteret skal ein gruppe på vel 30 forskarar studere årsaker til utvikling av diabetes gjennom heile livet. Forskinga vil integrere genetikk og cellebiologi, med klinisk informasjon frå dei store ressursane i nyleg etablerte Norsk Diabetes Biobank, Norsk diabetesregister for vaksne, Norsk MODY (Norwegian Maturity-Onset Diabetes of the Young)-register, Norsk barnediabetesregister og Den norske mor, far og barn-undersøkinga (MoBa). 

Professor Valeriya Lyssenko skal, saman med professor Gunnar Mellgren, vere nestleiarar ved senteret, som også involverer anerkjende fagmiljø i Norden, Tyskland, Sveits, Storbritannia og USA.

Kvinnelig forsker kledd i gul beskyttelsesfrakk og lilla hansker kikker i mikroskop. Foto

Avdelingsingeniør Maren Toftdahl ved mikroskopet.

PRESIS-DIA skal etablerast i eit felles laboratorium i Glasblokkene i nye Barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. Aktuelle register, biobankar og kliniske forskingspostar ligg like i nærleiken.

– Vi er glade for å vere vertskap for det nye senteret, og takksame for bidraget frå Trond Mohn stiftelse som gjer denne satsinga mogleg, seier administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen.

– At vi på denne måten kan utnytte etablerte kunnskapsarenaer på Haukeland universitetssjukehus endå betre, er utroleg bra, meiner Hansen.

Hender kledd i beskyttelsesutstyr foretar prøver i laboratorium.

Det nye diabetes-senteret skal halde til i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.

Også Margareth Hagen, rektor ved Universitetet i Bergen, har sterk tro på diabetes-forskarane. 

– Vi er stolte over at vi i Bergen har klart å trekkje til oss og byggje internasjonalt framifrå kompetanse på dette fagområdet, og ser fram til å følgje utvikling og resultat av den forskinga dei no skal i gang med. Dette er nok eit skritt i å posisjonere miljøa i Bergen som leiande innan presisjonsmedisin, seier ho.

Gruppebilde, fire forskere foran datamaskin, hvor en viser frem noe på skjerm. Foto

Diabetesforskarar: F. v. Pernille Svalastoga (stipendiat og lege),  Janne Molnes (senioringeniør og molekylærbiolog), Erling Tjora (overlege) og Bente B. Johansson (senioringeniør og molekylærbiolog​).

Samfunnsnyttig satsing

– I Bergen er det over mange år bygga eit forskingsmiljø innan diabetes som internasjonalt held eit svært høgt nivå. Trond Mohn stiftelse har bringa inn nokon av dei beste forskarane i verda for evaluering av denne satsinga. Konklusjonen er at miljøet i Bergen har unike ressursar og føresetnadar for å utvikle presisjonsdiagnostikk og -behandling til gagn for ein stor gruppe pasientar. Dette er ei stor og viktig satsing for stiftelsen som vi ser fram til å følgje i åra som kjem, seier dagleg leiar i stiftelsen, Sveinung Hole.

– Trond Mohn stiftelse har sidan starten i 2004 gitt støtte til nær 200 forskingsprosjekt med til saman meir enn 1,6 milliardar kroner. Desse er valde ut basert på universiteta og universitetssjukehusa sine eigne faglege vurderingar og prioritering av viktige forskingsfelt. Det nye senteret i regi av UiB og Haukeland universitetssjukehus føyer seg inn i rekkja av samfunnsnyttige satsingar, understrekar Hole.