Sjukefråveret utfordrar drifta
Framleis høgt sjukefråver skapar utfordringar for store delar av drifta på Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen. Dette gjeld mellom anna planlagt aktivitet og pasienttransport.
– Sjukefråveret er så høgt at vi står i ein krevande situasjon. Vi har over 1800 av våre 13 000 tilsette vekke frå jobb på grunn av sjukdom. Dette får konsekvensar for mellom anna planlagde avtalar og pasienttransport, seier administrerande direktør Eivind Hansen.
På eit beredskapsmøte torsdag morgon blei situasjonen gått igjennom. Operasjon- og intensivkapasiteten er redusert og ytterlegare reduksjonar blir heile tida vurdert. Svært mange avdelingar har no utfordringar med sjukefråver.
– Vi har mellom anna redusert kapasitet i ambulansetenesta og annan pasienttransport. I tillegg har drosjenæringa liknande utfordringar. Vi oppmodar difor dei som kan om å bidra til å frakte pårørande til sjukehuset sjølv.
Hansen understrekar at all øyeblikkeleg hjelp på sjukehuset blir tatt hand om.
– Vi arbeider kontinuerleg med å fordele ressursane der dei treng mest, og eg vil takke alle gode medarbeidarar som står veldig godt på i denne situasjonen. Vi prioriterer det viktigaste, noko som fører til at pasientar må vere førebudde på at planlagde avtalar kan bli avlyst på kort varsel.