Opning av Vestnorsk forskningssenter for antimikrobiell resistens

Helseminister Ingvild Kjerkol vil måndag 30. mai opne Vestnorsk forskningssenter for antimikrobiell resistens, CAMRIA (Combatting Anti-Microbial Resistance with Interdisciplinary Approaches.

Publisert 25.05.2022
Sist oppdatert 28.07.2022
Gruppebilde Camria-gruppen. Foto

Bak frå venstre: Iain Johnston, UiB, Karolina Poltorak, UiB, og Stig Harthug, Haukeland universitetssjukehus/UiB. Foran frå venstre: Randi Jacobsen Bertelsen, UiB, Nina Langeland, leder av CAMRIA, UiB, og Ingrid Smith, Haukeland universitetssjukehus.

Tid: 30. mai 2022 kl. 10.00-12.00
Sted: Eitri Inkubatorbygget, Haukelandsbakken 31, Haukeland universitetssjukehus, Bergen

Antibiotikaresistens kan på sikt bli eit endå større helseproblem enn Covid-19, både globalt og i Noreg. Med støtte frå Trond Mohn stiftelse går Universitetet i Bergen, Haukeland universitetssjukehus og Stavanger universitetssjukehus saman om forsking på korleis og kvifor resistens utviklast og blir spreidd, og korleis ein kan få helsepersonell, politikarar og befolkninga til å redusere unødvendig bruk av antibiotika.

Ved det nyoppretta Vestnorsk senter for antibiotikaresistens er tanken å stimulere til tverrfagleg forskingssamarbeid for å kople kunnska​p og metodikk frå medisinsk kunnskap - med kunnskap frå samfunnsvitskapane, informatikk og matematikk. Derfor har forskingssenteret fått den engelske forkortinga CAMRIA (Combatting Anti-Microbial Resistance with Interdisciplinary Approaches). 

​Les meir om CAMRIA og dei tre prosjekta her


Program for opninga av senteret

09.55 Musikkinnleiing ved Bergen Tubakvartett / Griegakademiet
 
10.00 Velkommen v/ leia​r i CAMRIA Nina Langeland, senterets visjon
 
10.05 Helsingar og talar 
Helseminister Ingvild Kjerkol
Styreleiar Trond Mohn stiftelse Stener Kvinnsland 
UIB Rektor Margareth Hagen
Administrarende direktør Helse Bergen Eivind Hansen
Forskingsdirektør Helse Stavanger Svein Skeie
 
10.25 Musikkinnslag ved Bjørn Blomberg
 
10.45 Presentasjon av forskingsprosjekt:
• Overvakning og sporing av antimikrobielle resistensgen i miljø- og kliniske prøver ved bruk av maskinlæring ved Randi Jacobsen Bertelsen, Klinisk institutt 2, UiB
•HyperEvol – Å lære og forutseie AMR evolusjonsveier ved bruk av hyperkubisk inferens ved Iain Johnston, Matematisk institutt, UiB 
• Risiko kommunikasjon og -forståing blant folk flest og helsearbeidarar – nødvendig kunnskap for utvikling av nye planar og intervensjonar ved Ingrid Smith, Forskings- og utviklingsavdelinga, HUS
 
11.10 Musikkinnslag ved Bergen Tubakvartett (Bård Jelsness – Eufonium, Viktoria Spange – Eufonium, Jonathan Grech – Tuba, Gunleik Reini Urfjell – Tuba)
 
11.20 Mingling med mat

Pressekontakt
​​Paul André Sommerfeldt v/Universitetet i Bergen
Tlf +47 907 23 016​
Paul.Sommerfeldt@uib.no