KKs brukarpanel søker nye medlemmer.
Vil du hjelpe oss å gjere Kvinneklinikken betre?
Kvinneklinikken sitt brukarpanel består av 6 medlemmer som bidrar med sine erfaringar til å gjere tenestetilboda betre. No ser vi etter fleire medlemmer. Er du engasjert og har ei meining om oss og pasienttilbodet vårt, ønskjer vi at du les vidare.
Vi ønskjer kontakt med deg som:
- har eit engasjement for våre tenester til gynekologiske pasientar
- har interesse og engasjement for helsetilbod for gravide, fødande og barselkvinner.
- ønsker å bidra til forbetring av helsetenester til våre tverrkulturelle pasientar
- er eldre enn 20 år
- du bør like å delta aktivt i diskusjonar og beherske norsk
Som medlem i Brukarpanelet blir du ei viktig stemme i spørsmål som gjeld pasienttilbodet, vår organisasjon, forskning og kvardagen på Kvinneklinikken i Glasblokkene, i tett samspel med klinikkleiinga. Vi treng at dei som sit i Brukarpanelet gir oss råd og innspel til korleis Kvinneklinikken sitt helsetilbod skal utformast.
Brukarpanelet vårt består av seks personar som møtest tre gonger per halvår. Møta vert halde om ettermiddagane, etter vanleg arbeidstid. Som brukarrepresentant vil du få honorar etter gjeldande satsar i Helse Bergen og representantane vil bli valde for minimum to år.
Panelet vart oppretta i 2019.
Får dette hjartet ditt til å banke ekstra engasjert?
Då vil vi svært gjerne at du skriv nokre ord til oss om kven du er og kvifor dette er noko du kan tenkje deg å hjelpe oss med. Send ein kort tekst til info@helse-bergen.no innan 2. februar 2024. Merk epsoten KKs brukarpanel.