Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

ADHD-prosjekt til topps

- Uventa og gledeleg, seier Jan Haavik om å få Helse Vest sin forskingspris for 2016. Og ikkje minst ei god anledning til å setje fokus på pasientar med ADHD og visjonen bak forskinga i ADHD-prosjektet.

Publisert 27.10.2016
Sist oppdatert 19.12.2023
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Styremedlem i Helse Vest, Tone B. Steinsvåg, vinnar av forskingsprisen, Jan Haavik, vinnar av innovasjonsprisen, Tone Elise Gjøtterud Henriksen, fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem. Foto: Silje Katrine Robinson

I 2004 starta Haavik forskingsprosjektet «ADHD: fra klinisk karakterisering til molekylære mekanismer» som vil vare til 2026.
Prosjektet har stor nasjonal og internasjonal gjennomslagskraft og har alt fått stor tyding for praktisk diagnostikk og behandling av pasientar med ADHD i Noreg.
Det er dette prosjektet, som han understrekar er eit teamarbeid, Haavik vann forskingsprisen for under Helse Vest sin årlege forskingskonferanse torsdag.


Kontroversiell diagnose

- I ADHD- prosjektet fokuserer vi på ei pasientgruppe som på mange måtar står i skuggen av andre pasientar som får meir merksemd og har større ressursar i ryggen, seier Haavik.

- Det er ingen tvil om ADHD-diagnosen har vore kontroversiell og forbunde med mykje skepsis, både blant fagfolk, myndigheiter og media.

Denne skepsisen var medverkande til at pasientgruppa vekte ekstra interesse hos Haavik for nesten  20 år sidan. Som overlege i psykiatri kjente han sjølv på frustrasjonen i klinikken.

- Det var mangel på kunnskap, vi visste for lite om mekanismane rundt ADHD, seier han.



ADHD eller «hyperkinetisk forstyrring»  er blant dei vanlegaste psykiatriske lidingane hos barn og ungdommar med global førekomst på 5 prosent, men det rammar også 3-4 prosent av den vaksne befolkninga. I spesialisthelsetenesta i Noreg blir stadig fleire barn, ungdommar og vaksne tilvist med spørsmål om utgreiing og behandling for ADHD. Likevel har dette inntil nyleg vore ein lite forstått og kontroversiell diagnose.

 

Vil knytte klinisk forsking mot basalforsking

Haavik, som også er professor i biomedisin ved Universitetet i Bergen,  kontakta fagfolk som hadde jobba innan feltet før og danna ei tverrfagleg gruppe. Dette vart startstkotet for ADHD-prosjektet.

- Mitt bidrag har vore å bringe ulike ekspertar saman og jobbe for eit felles mål. Dette er teamarbeid, understrekar han igjen.
Visjonen for prosjektet har vore å knytte klinisk forsking mot basalforsking.

- Historia har vist at det vi i dag ser som god behandling, vil kanskje framtida felle ein hard dom over- dette gjeld også i psykiatrifeltet. Medikamenta som vi nyttar i dag er nyttige, men har klare avgrensingar. Det mest ekstreme eksemplet er bruken av lobotomi i behandlinga av psykiatriske sjukdommar, som for 80 år sida var rekna som god behandling, men som i dag blir sett på med avsky. Derfor må forskinga vere ein så viktig del av verksemda i helsevesenet, understrekar Haavik.

- Vi må heile tida sjå framover, finne ut meir, finne nye behandlingsmetodar.

Internasjonalt samarbeid

Han rettar ein stor takk til Kristian Gerhard Jebsen-Stiftelsen, som har gjort prosjektet mogleg gjennom sine donasjonar.

- Stiftinga har utgjort ein stor forskjell for oss, og med midlar frå dei i ryggen har vi også blitt ein ettertrakta samarbeidspartnar for internasjonale forskingsmiljø, seier han.

Haavik har frå 2011 leia «Kristian Gerhard Jebsen-senter for nevropsykiatriske lidingar». ADHD-prosjektet er hovudprosjektet som alle i senteret forsøker å bidra inn i,  samtidig som dei held på med eigne prosjekt.