Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Speed-dating mellom forskarar og legemiddelselskap

12. januar arrangerer Biomedical Network eit møte der legemiddelfirma presenterer nyheiter frå utvikling av nye medikament og inviterer forskarar frå Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen  til speed-dating og forskingssamarbeid.

Publisert 20.12.2016
Sist oppdatert 19.12.2023

Nettverk legemiddel, forsking og forskere. Grafisk illustrasjon
I tillegg til å diskutere konkrete prosjektsamarbeid med fire av dei største legemiddelfirma vil det bli anledning til å møte representantar for Statens Legemiddelverk, Regional etisk komité, Personvernombodet, Forskingspostane, Monitortenesta, Bergen Teknologioverføring med fleire.


- Det vil bli tid til uformelle samtaler med kollegaer og folk med ansvar for tilrettelegging og oppfølging av kliniske studiar, fortel prosjektleiar i Biomedical Network, Jens Reigstad.


-Vi har forventningar  til at dette skal bli like vellykka som tilsvarande initiativ ved Oslo universitetssykehus. Der kom det fram konkrete idear til forskingssamarbeid mellom dei som deltok. 

Møtet er 12. januar kl. 15:30-19:00 i Bikuben. Påmeldingsfrist er 4.januar. Det vil bli enkel servering.

Meir informasjon og påmelding

 
Biomedical Network tar idear og initiativ frå forskingsmiljø vidare til realisering med sikte på at kompetanse og resultat frå forsking skal gi verdifulle bidrag til framtidig metode, diagnostikk eller terapi.

Biomedical Network er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus, Universitetet i Bergen, Legemiddelindustriforeningen (LMI) og Bergen Teknologioverføring (BTO).
Målet med nettverket er å bygge ein arena der forskarar frå klinikk og biomedisinske miljø møter representantar for industri og forskings-/utviklingsstøtte for å utveksle kunnskap og etablere forskingsprosjekt som kan ha potensial for å utvikle ny diagnostikk eller terapi. Basert på behov hos forskarar og industriaktørar vil det bli etablert nye aktivitetar med utspring i denne satsinga. Norges Forskningsråd gir støtte til Biomedical Network i ei treårig satsing.