Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandlar stadig fleire hjartepasientar i Etiopia

Haukeland sitt hjartekirurgi-prosjekt i Etiopia hjelper stadig fleire, både når det gjeld behandling og utdanning.

Publisert 23.12.2017
Sist oppdatert 19.12.2023
En gruppe mennesker som poserer for et bilde

​18. november reiste Hjarteteamet frå Haukeland til Addis Abeba for tredje gong, 28 medarbeidarar totalt. Denne gongen utførte dei  fleire operasjonar og inngrep enn på dei førre turane, i tillegg til kontroll av pasientar frå tidlegare oppdrag. Dei hadde også med seg fleire etiopiske sjukepleiarar under operasjonane, i tråd med utdanningsprogrammet for Black Lion sitt eige helsepersonell.

Den første hjarteturen vart gjennomført i mars 2016, og det var startskotet for langsiktig bistand til oppbygging av hjartekirurgi ved Black Lion Hospital i Addis.

Målsettinga med bistand til oppbygging av hjartekirurgi ved Black Lion Hospital er delt i tre. For det første er det å behandle pasientar for alvorlege hjartesjukdommar ved å gi eit tilbod som ikkje finst i dag, for det andre er det å lage eit utdanningsprogram for sjukehusets eige helsepersonell over tid, i tillegg til at det også kan bidra til vidare utdanning og forskingsprosjekt for personell ved Haukeland.

Før samarbeidet mellom Haukeland og Black Lion Hospital starta, vart det ikkje utført regelmessig open hjartekirurgi i Etiopia, trass over 100 millionar innbyggarar og mykje alvorleg hjartesjukdom.


13 hjarteoperasjonar

- Vi opererte 13 pasientar med open hjartekirurgi, fortel perfusjonist Knut Nesheim, som har vore med på alle dei tre hjarteturane i regi av prosjektet.
- I tillegg la vi inn 19 pacemakarar og utførte 23 angiografier, altså røntgenundersøking av blodårer. 13 av desse pasientane vart behandla for trange eller tette kransarterier med prosedyren PCI (Perkutan koronar intervensjon).
Teamet gjennomførte også ekkokardiografi av alle pasientar for screening før operasjon, under operasjon  og ved avslutta opphald.
Saman med teamet frå Haukeland var også kardiolog frå Oslo universitetssykehus, Stavanger universitetssykehus og St. Olavs Hospital i Trondheim.

Venteliste i mange år

Å auke talet på inngrep er krevjande både på grunn av logistikk og tekniske forhold.
-Dei som vart behandla har stått på venteliste i mange år og det prega både kompleksitet og grad av sjukdom. For det meste behandla vi hjarteklaffefeil på grunn av giktfeber, fortel professor og prosjektleiar Rune Haaverstad.
Likevel går det framover på fleire plan, og  Black Lion Hospital er no det einaste hjartekirurgiske tilbodet for om lag 103 millionar innbyggarar i Etiopia.
- Plan for neste tur i regi av «Hjartekirurgi i Etiopia» er to veker i mai 2018, fortel Haaverstad.
- Vi har eit betre fundament no som vi kan bygge vidare på, og det harde arbeidet og økonomiske løyvingar har absolutt hatt ein god effekt både klinisk, organisatorisk og når det gjeld utdanning. Dette gjeld også utdanning av eigne legar. Likevel er det nok 3-5 år før vi ser meir sjølvstendig hjartekirurgisk verksemd på sjukehuset, seier han.


Kurs og undervisning

I tillegg til pasientbehandlinga, er utdanning av Black Lion sitt eige helsepersonell ei viktig målsetting i prosjektet. 
Under opphaldet i november hadde Haukelandsteamet fellesundervisning for alle legane ved Kardiologisk og Thoraxkirurgisk avdeling ved Black Lion om fem ulike tema innan hjartekirurgi, med stort oppmøte. Det vart også halde Hjarte-Lungeredningskurs for ei rekkje legar og sjukepleiarar.