Kom til Bergen og lær meir om framtidas helsevesen
Innovasjon, omstilling og ny teknologi er blant dei heitaste omgrepa i norsk debatt for tida. - Vi i det offentlege helsevesenet må og omstille oss, ta i bruk nye verktøy og satse på ny teknologi. Derfor har vi "Fremtidens helse» som tema på årets KlinIKT-konferanse, seier leiar for Seksjon for ehelse ved Haukeland universitetssjukehus, Leif Erik Bohne.
KlinIKT er ein årleg nasjonal konferanse som blir arrangert vekselsvis på Austlandet og Vestlandet. Årets konferanse går av stabelen i Bergen 5.-6. april 2017 på det nye flyplasshotellet på Flesland.
Brei målgruppe
Målgruppa for konferansen er dei med interesse for fagutvikling, leiing, IKT, utdanning, forskning og utvikling i og for helse- og omsorgssektoren. Konferansen har fokus på bruk av IKT for stadig å levere betre helsetenester til innbyggarane i landet. Hovedtema i år er altså: «Fremtidens helse- teknologi som mulighet»
- I starten av en teknologisk revolusjon
- Vi står midt oppe i starten på ein teknologisk revolusjon i helsevesenet. Systema som vi no har innført eller skal innføre som Dips, Meona og DMA er berre starten. I åra framover vil for eksempel roboteknologi, nye pasientløysningar og nye former for innsamling og analyse av store datamengder bli endå viktigare for oss. Det er dette vi ønsker å invitere ansatte i helsetenesta til å lære meir om på årets konferanse, seier Bohne
«Nye trender som den 4. industrielle revolusjon i helsevesenet» er eit av hovedpunkta på konferansen. I tillegg får ein høyre meir om Helseplattformen, nye nasjonale løysingar, pasientsikkerhet og brukersentrerte løysingar. Konferansen skal speile både behov, visjonar og vyer, men samtidig gi døme på konkrete, praktiske nyvinningar der ein har oppnådd resultat.
- Eg vil verkeleg understreke at dette ikkje berre er ein konferanse for IT-folk og teknologar. Vi ønsker at folk fra klinikkane kjem. Det er desse vi er til for og det er dei som skal bruke løysingane i framtida, avsluttar Bohne.