Utviklingsplan 2035
Sjukehus 24/7
Slik førebur vi oss på framtida: Å tenkje organisering og arbeidsprosessar når vi byggjer nytt, endra opningstider, førebygging, eit forvaltningsnivå og sist, men ikkje minst - ha tru på pasienten!
Dette var nokre av hovudkonklusjonane om vegen vidare då prosjektgruppa for Utviklingsplan 2035 arrangerte workshop med klinikkar og avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus sist veke. To gonger var Storsalen i Bikuben kurs- og konferansesenter fylt opp med medarbeidarar frå sjukehuset, og viseadministrerande direktør Anne Sissel Faugstad innleia med ein kort refleksjon rundt eiga fartstid på Haukeland:
– Eg har jobba her i 40 år, og det har vore ei eksplosiv utvikling i sjukehuset desse åra. Og framover kjem det til å gå endå fortare, og vi må planleggje for den utviklinga, understreka ho.
Utstyr og kompetanse må henge med
For å gje eit oppspark til diskusjonen om korleis sjukehuset skal møte den teknologiske utviklinga, tok overlege Øyvind Kommedal forsamlinga med på ei tidsreise i Mikrobiologisk avdeling - «Frå 1800-tall til maskinlæring på 20 år». Ved hjelp av ny teknologi har avdelinga hans kunne auke analysekapasiteten sin med 30 % kvart år dei siste 10 åra, frå under 50.000 i 2007 til over 500.000 analysar i 2017.
– Vi er sjølvsagt glade for å kunne gi eit stadig betre tilbod til våre rekvirentar, men vi ser også utfordringane ved å stadig gjere meir – og å gjere det raskare, fortalde Kommedal.
– Det har mykje å seie for laboratoria, både når det gjeld utstyr og kompetanse blant dei tilsette. Vi ønskjer å vite meir om kva det har å seie i klinikken når vi innfører nye testar eller utfører testar raskare, og til det treng vi meir maskinlæring for å tolke resultat.
Innspela til diskusjonen rundt den teknologiske utviklinga var mange og gode. Endring i driftstid for å utnytte kapasiteten betre og tru på pasienten i tydinga flytte meir av behandlinga ut av sjukehuset og heim til den enkelte, var blant innspela som kom.
Les også «- Vi må dempe befolkningas behov for helsetenester»
Meir overordna kom det radikale forslaget om eitt forvaltningsnivå på tvers av kommune og spesialist, i håp om å gjere pasientforløpet heilskapeleg. I Barne- og ungdomssjukehusets ånd vart også viktigheita av å tenkje organisering og prosess vektlagt framfor «same drift i nytt bygg».
Sakna barneperspektivet
Under sjølve workshopen vart avdelingane utfordra til å komme med innspel til andre perspektiv enn det som prosjektgruppa presenterte av forventa endringar og utviklingstrendar. På bordet der deltakarar frå Barne- og ungdomsklinikken (BUK) og Klinikk psykisk helse for barn og unge (PBU) sat, sakna dei barneperspektiv.
– Å vekse opp i den teknologiske tidsalderen som dagens barn og unge gjer, kva utfordringar gir det, spør klinikkdirektør Liv Kleve ved PBU.
– Heng dette saman med auken i psykologiske problem? Vi veit ikkje, men kan det vere ein samanheng?
På den andre sida viser ho til at den teknologiske utviklinga gir klare fordeler.
– Du har for eksempel utprøving av behandling med VR-briller, og eMeistring, der vi når nye grupper på nye måtar.
Også Thorleif Nesse, assisterande einingsleiar på Barnekirurgen på BUK, framhevar goda.
– Ny teknologi gir pasientane moglegheit til å utføre målingar og enkle behandlingar heime, for eksempel med nye insulinpumper, eksemplifiserer han.
– Men ei utfordring med stadig betre teknologi er at offentlege tilbodsrundar tar tid. Sett på spissen kan ein seie at når tilbodsrunden er over, har utstyret gått ut på dato.
Nesse peika også på at Google har vorte sjukehuset sin største konkurrent.
– Kva gjer vi med det? spør han.
Kva med arbeidstakaren?
I Radiologisk avdeling er det mykje teknologioptimisme, ifølge både seksjonsleiar Guri Bolstad på CT generell og radiograf og tillitsvald i Norsk radiografforbund Kari Fosse.
– Det er nesten umogleg å sjå for seg kva vi vil kunne få av utstyr framover, det er uante moglegheiter, trur Bolstad. Samtidig merkar avdelinga alt kapasitetsproblem.
– Vi merkar at pasientane blir sjukare, noko som krev meir av personalet. Og det aktualiserer debatten om kva pasientar vi behandlar og kven dei private tar.
Sett i lys av det saknar Fosse perspektivet som seier noko om korleis det er å vere arbeidstakar i ein sånn situasjon.
– Du skal heile tida jobbe smartare og få tyngre og meir krevjande oppgåver, utan fleire tilsette, påpeikar ho.
Utviklingsplan 2035 - kva skjer vidare?
Formålet med workshopen var å få innspel til Utviklingsplanen i forhold til:
- Utviklingstrekka for befolkningsutvikling, sjukdomsutvikling, bemanning,
teknologi, økonomi m.m.
- Analysen av korleis trendane vil påverke sjukehuset vårt
- Kva er dei store grepa vi må gjere for å vidareutvikle sjukehuset vårt og møte framtidas behov for helsetenester