Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Norske sjukehus sparte over 37 000 tonn CO2-utslepp i 2020

Til samanlikning har Helse Stavanger og Helse Fonna eit utslepp på 33 600 tonn til saman. Den største nedgangen er på grunn av færre reiser, både for pasientar og tilsette i koronaåret. Det viser «Spesialisthelsetjenestens rapport for samfunnsansvar,» som blei lagd fram for Helse- og omsorgsdepartementet tidlegare denne veka.

Publisert 25.03.2021
Sist oppdatert 20.02.2023

​I "Spesialisthelsetjenestens rapport for samfunnsansvar 2020" er klimaregnskapen for 2020 summert opp. Færre reiser på grunn av koronapandemien, nye digitale måtar å jobbe på og eit varmt år gav lågare energiforbruk i sjukehussektoren. Ifølgje Meteorologisk institutt var 2020 det varmaste året sidan målingane starta for 120 år sidan.

Tilsette i spesialisthelsetenesta gjennomførte 71 prosent færre flyreiser i 2020 samanlikna med året før. Dette er ein reduksjon på nesten 10 000 tonn CO2, som svarer til 1800 gonger rundt jorda med fly og over 130 millionar kroner spart i flybillettar.

Sårstell med videokonferanse

2020 sette fart i bruk av digitale verktøy i alle helseføretaka i Noreg. I rapporten kan du lese at UNN Harstad steller sår via videokonferanse. St. Olavs hospital har målt at den utovervende digitale verksemda (telefon og video) har auka frå 3 til 22 prosent i 2020.
I dag er 26 prosent av køyretøyparken ved Oslo universitetssykehus fri for utslepp, med god hjelp frå elbilsatsinga i transportavdelinga og prehospital klinikk. Målet om 15 prosent køyretøy frie for utslepp innan 2020 blei nådd med god margin.

Spesialisthelsetenesta skal vere leiande i sitt arbeid med miljø og bærekraft, og fremje god helse gjennom miljøvennlig drift.
Selskap med statleg eigardel arbeider systematisk med sitt samfunnsansvar og er leiande på sine område. I tillegg til forventingar knytte til klima og miljø skal sjukehusa også jobbe systematisk med menneskerettar, arbeidstakarrettar og antikorrupsjon. Sjukehusinnkjøp har blant anna hatt ei vellukka oppfølging av ein fabrikk i Malaysia, som sikra oss nok eingongshanskar under pandemien.


Eit viktig samfunnsansvar

Denne rapporten er den tredje fellesrapporten dei fire regionale helseføretaka presenterer om spesialisthelsetenesta sitt arbeid med samfunnsansvar. Rapporten omfattar alle helseføretak i landet og dei felleseigde selskapa. Innhaldet i rapporten handlar om klima og miljø, menneskerettar og arbeidstakarrettar, i tillegg til antikorrupsjon.

Spesialisthelsetenesta ønskjer å vere leiande i sitt arbeid som ansvarleg verksemd og bidra til ei berekraftig utvikling. Som ein av dei største eigedomsforvaltarane i Noreg, er Helse Sør-Øst sitt ansvar bevisst og har slutta seg til strakstiltaka vegkart for grøn omstilling i eigedomssektoren. Dette, og mange fleire tiltak, kan du lese om i rapporten.