Møt opp til timen du har fått på sjukehuset
Innkalling til ein konsultasjon blir rekna som ein god grunn til å ikkje bli heime, så sant sjekklista frå sjukehuset tilseier at du er frisk nok til å møte.
Kvar veke avbestiller hundrevis av pasientar timen dei er blitt tildelt. Dette gir store utfordringar for sjukehuset som skal ivareta alle som ventar på planlagde operasjonar og polikliniske konsultasjonar.
- Mange pasientar er i eit behandlingsforløp, og det er viktig at desse ikkje får unødige avbrot i behandlinga si. Alle tildelte timar er ei brikke i eit større puslespel, der kvar pasient skal ha undersøking og behandling til rett tid av dei rette fagfolka. Derfor ber vi deg møte til timen din når du blir kalla inn, seier Eivind Hansen, administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus.
Vi følgjer nasjonale anbefalingar for å hindre smitte
Sjukehuset bruker mykje ressursar på å legge til rette for trygge konsultasjonar. Tilsette følgjer nasjonale retningsliner for smittevern for å hindre at pasientar eller helsepersonell blir smitta på sjukehuset.
Er du usikker på om du kan møte til timen din?
Før du kjem til sjukehuset vil vi kartlegge om du kan vere smitta av luftvegsinfeksjonar. Tre dagar før timen får du tilsendt lenke til ei sjekkliste på SMS. Det er viktig at du går inn på helsenorge.no for å svare på sjekklista. Sjå sjekklista på helsenorge.no
Sjukehuset har også viktig informasjon til deg som har timeavtale eller skal på sjukehuset på nettsidene
Når timen blir utsett
Dersom timen din blir utsett blir du kontakta av sjukehuset per telefon eller brev. Men om du opplever forverring i tilstanden din medan du venter på ny time, er det viktig at du tar kontakt med avdelinga der du skal møte (sjå innkallingsbrevet). Konsultasjon via telefon eller video blir nytta vil der det er mogleg, men nokon må rekne med få beskjed om at timen blir utsett.
Omfanget av luftvegsinfeksjonar i Helse Bergen-området endar seg stadig. Det kan føre til at sjukehuset må omprioritere og endre planlagde timar på kort varsel. Derfor råder vi deg til å behalde den timen du har fått tildelt, dersom det er mogleg.
Sist oppdatert 23.01.2024