Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samarbeid med kommunane

Samabeidet med kommunane er sentralt for å få til ei god lindrande behandling. I arbeidet med startegien er derfor tilbod i og samarbeid med kommunane undersøkt.

Arbeidsgruppa har gjennomført ei kartlegging av det palliative tilbodet i kommunane. Kartleggingsskjema blei sendt ut til 22 kommunar, og det kom inn 16 svar. Dei 16 svarkommunane har alle ei spesiell merksemd retta mot dei palliative pasientane.

På spørsmål om kva som fungerer godt i tilbodet, løftar dei fleste fram god intern samhandling, tverrfagleg samarbeid og nytta av gode system. Nettverk av ressurspersoner, palliative senger/einingar og samarbeid med Sunniva uteteam og Palliativt team HUS er viktige faktorar for eit tilbod av god kvalitet.

Kommunane opplever variasjon mellom avdelingane på Haukeland universitetssjukehus som utfordrande. Mangelfulle opplysningar og svikt i informasjonsoverføring og tilrettelegginga ved utskriving går igjen når utfordringane blir skildra.

Kommunane sitt tilbod

  • Alle dei 22 kommunane har ressurssjukepleiarar for kreftomsorg og lindrande behandling. Ressursperson er definert som fagperson med interesse for og særleg kompetanse, fortrinnsvis vidareutdanning, i kreftomsorg og lindrande behandling. Funksjonen som ressursperson er ei personleg oppnemning knytt til arbeidsfelt og kompetanseområde.
  • 14 har ressursfysio-/ergoterapeut.
  • 11 kommunar har hatt palliative prosjekt med statlege midlar, fleire har pågåande prosjekt.
  • Askøy, Bergen, Fjell og Sund (felles), Kvam, Os og Voss har kreftkoordinator.
  • Askøy, Bergen og Os har ei lindrande eining i sjukeheim.
  • Fjell, Sund og Øygarden har 3 interkommunale palliative senger i intermediær avdeling i sjukeheimen. Austevoll, Austrheim, Granvin, Samnanger og Ulvik har 1 palliativ seng, Dale har 2 senger i sjukeheim.
  • 8 kommunar har aktive, tverrfaglege ressursgrupper for palliasjon. Dei fleste har minst ein kreftsjukepleier. Fleire av kommunane som ikkje har kreftkoordinator, har kjøpt fri kreftsjukepleiar eller palliativ sjukepleiar i ein viss stillingsdel.
  • Palliative verktøy som ESAS symptomkartleggingsskjema, individuell plan, medikamentskrin og tiltaksplan for døyande blir brukt i mange kommunar.
Sist oppdatert 31.05.2023