Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Haukeland universitetssjukehus sitt internasjonale arbeid

Det internasjonale engasjementet skaper entusiasme og engasjement blant våre tilsette og er eit viktig ledd i omdømme- og merkevarebygginga til Haukeland Universitetssjukehus (HUS). HUS prioriterer samarbeid med institusjonar i land som er hovudsamarbeidsland i Noregs bistandsarbeid.

HUS har avgrensa samarbeidet til eit fåtal land i Sør og nokre få, offentlege sjukehus i desse landa. Dette er institusjonar med stor mangel på ressursar og fagleg kompetanse, og samarbeidet er innanfor rammene av samarbeidslanda sin helsepolitikk og i nært samarbeid med landet sine helsestyresmakter.

Våre prosjekt i

Samarbeidssjukehusa er

I tillegg til dei fem samarbeidssjukehusa, har HUS to partnarsjukehus med relativ høg kompetanse, som har sagt seg villig til å ta på seg opplæring av personell frå både samarbeidsinstitusjonane i Sør og frå HUS.

Partnarsjukehusa er

For å sikre eit langvarig og godt samarbeid mellom avdelingane på HUS og institusjonane ute, har vi valt  å konsentrere det einskilde medisinske fagområde frå HUS til ein institusjon i Sør. 

Sjå kor dei ulike avdelingane frå HUS har sitt engasjement

Strategi, eit vinn-vinn samarbeid

HUS sin strategi for internasjonalt samarbeid vart vedteke i 2010 med hovudmålsetjing å bidra til betre pasient pasientbehandling gjennom auka kompetanse blant eigne tilsette. Gjennom deltaking i prosjektarbeid kan helsearbeidarar frå HUS få styrke sin eigen medisinske kompetanse innan ulike fagområde,  noko som vil kome norske pasientar til gode. Strategi for internasjonalt samarbeid vektlegg også ønskje om å styrke klinisk kompetansebygging for partnerinstitusjonane i Sør gjennom støtte til utdanningsprogram og medisinsk-teknisk kompetanse/infrastructure.

Sjå strategien for internasjonalt samarbeid her

Sist oppdatert 28.12.2023