Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blodbank i Nepal

Prosjektet er eit samarbeid mellom Blodbanken på Haukeland Universitetssjukehus (HUS), Kanti Children’s Hospital i Nepal (KCH), Nepal Red Cross Society Central Blood Transfusion Service (NRCSCBTS) and Zanzibar National Blood Transfusion Services (ZNBTS).

Nepal Red Cross Society

​HUS har samarbeidd med ZNBTS sidan 2008, og under starten av eit nytt prosjekt mellom HUS og NRCSCBTS kom det fram styrkar og svakheiter i dei nasjonale tenestane til Nepal, som var annleis enn dei på Zanzibar. Det noverande prosjektet starta i 2014, kor målet er å styrke blodbanktenestene på KCH med midlar frå ein privat donor.

I 2016 fortsett prosjektet som eit trepart-samarbeid mellom Noreg, Nepal og Zanzibar. Dette skapar ein unik moglegheit for ZNBTS og NRCSCBTS til å lære frå kvarandre i ein setting kor utfordringa deira er tilsvarande. Kontakta mot dei moderne blodbanktenestene på HUS og sjukehussettinga på KCH, kan forme framtidige prosjekt innan transfusjonsmedisin.

Zanzibar National Blood Transfusion Services (ZNBTS) har eit godt utvikla administrasjonssystem for handtering av blodet som blir donert, men dei ønskjar å  auke volumet på donerte einingar for å møte etterspørselen på Zanzibar. Det er difor eit stort fokus på dette i prosjektet.

Kanti Children’s Hospital (KCH) tilbyr avanserte behandlingar og har fram til no vore avhengig av at pårørande donerer og/eller organiserer henting av blodkomponentar frå Røde Kors Nepal for å dekke etterspørselen på sjukehuset. No er dei i gang med å starte eigne blodbanktenester på sjukehuset i samarbeid med NRCSCBTS, både med innkjøp av utstyr og trening av personell.

Nepal Red Cross Society, Central Blood Transfusion Service (NRCSCBTS) har sidan 1991 hatt eit tett samarbeid med myndigheitene i Nepal om blodbanktenester. Dei har 100 sentre fordelt på 67 distrikt (av totalt 75). Dei er ansvarleg for overvaking, koordinering, trening av personell og rapportering for alle senterane, og for blodtilbodet til sjukehusa og dei medisinske institutta.

Fleire prosjekt i Nepal

Fleire prosjekt på Zanzibar

Prosjekter i andre land

Sist oppdatert 28.12.2023