Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utgreiing og behandling av unge med psykosar

Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) har hovudansvaret for utgreiing av psykoselidingar hos unge i alderen 18-30 år, og kan også ta imot ungdommar ned til 15 år.

​​Utgreiinga kan utførast i vår poliklinikk, eller ved døgninnlegging i seksjon Tidleg psykose Sandviken (TPS). Utgreiinga er tverrfagleg og skjer i eit samarbeid mellom psykiatar, psykologspesialist og miljøterapeut.

​Etter at utgreiinga har slått fast at det føreligg ei psykoseliding vil det som hovudregel bli starta behandling av lidinga. Denne består av samtalebehandling og medikamentell behandling.

Behandlinga kan utførast poliklinisk eller ved innlegging i døgnseksjonen TPS. Seksjonen har også ressursar til å behandle pasientar som treng lukka sjukehusavdeling, og er er godkjend for tvungen døgnbehandling etter Psykisk helsevern-lova.

Pasientane vert tilvist til utgreiing og behandling frå sin fastlege, dei ulike distriktpsykiatriske sentra (DPS), eller frå andre avdelingar i Psykiatrisk klinikk.

På TPS er vi særleg opptatt av den fysiske helsa til pasientane og brukar fysisk aktivitet og trening som eit viktig element i behandlinga. Pasientane har også tilbod om å knytta seg til arbeidsintegreringsprogrammet Individual Placement and Support (IPS).
Sist oppdatert 24.08.2017