Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
  • Ikkje send sensitiv informasjon på e-post
    For din eigen tryggleik bør du ikkje sende e-post med informasjon om til dømes sjukdommen din, personnummer, bankinformasjon eller andre opplysningar underlagt teieplikt. Logg deg inn på helsenorge.no eller bruk eDialog for å sende oss slik informasjon.

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med oss om du lurer på noko. Her finn du telefonnummer, adresser og anna kontaktinformasjon.

Haukeland universitetssjukehus

Telefon

55 97 50 00 - Kontaktsenter, ope heile døgnet

eDialog
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

E-post

postmottak@helse-bergen.no

For pasientar og pårørande

RING fastlege - ved mindre alvorleg skade eller sjukdom som kan vente

Om du er sjuk, men kan vente nokre timar eller dagar, ber vi deg om å ta kontakt med fastlegen din.

Sjå meir informasjon om fastlegeordninga og logg inn på helsenorge.no for å sjå kven som er din fastlege 

RING 116 117 - ved mindre alvorleg skade eller sjukdom som fastelege ikkje kan hjelpe med

Bergen kommune og Helse Bergen samarbeider om pasientar som treng øyeblikkeleg helsehjelp. I Bergen helsehus finn du:

  • Bergen legevakt som har ansvar for å behandle akutt medisinsk og psykisk sjukdom, hjerneristing, augeskadar og ryggskadar. Legevakta har også spesialtilbod som livskrisehjelpa, overgrepsmottak og sjukeheimslegevakt
    .
  • Skadepoliklinikken som har ansvar for behandling av akutte skadar i armar og bein - brot og forstuingar, kutt, sår og brannskadar.

RING 113 (ambulanse) - ved kritisk eller livstruande skade eller sjukdom

Telefonen er ope 24 timar. Når du ringer må du seie:

  1. Kor er personen? Adressen er viktig
  2. Kva er problemet? 
  3. Er personen vaken og kan snakke?
  4. Pustar personen normalt?

Du må vere roleg og svare på spørsmål. Du må gjere det du får beskjed om.

Akuttmottak tar imot pasientar som er tilvist frå fastlege eller legevakt, eller som kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse.

Har du fått innkallingsbrev frå sjukehuset på helsenorge.no, kan du no sende beskjed direkte til avdelinga om du trenger eit nytt tidspunkt for timen eller ønsker å avbestille time din.

Logg inn på helsenorge.no

På helsenorge.no

Når du opnar innkallingsbrevet i din innboks på helsenorge.no, har du tilgang til ein svarknapp. Du kan bruke svarknappen til å gi beskjed digitalt om oppsatt tid passer eller ikkje, eller om du ønsker å avbestille timen.

Endringsfrist

For å unngå å måtte betale gebyr for timen, må du endre timen seinast 24 timar før  oppsett time.

Under 16 år

Tenesta er for alle over 16 år som har ein brukar og som har samtykka til full tilgang på helsenorge.no. Føresette til barn under 16 år kan gjere dette på vegne av barna.

Via telefon

Om du mottar innkallingsbrev på Digipost, e-Boks eller som papirpost - må du fortsatt ringe til avdelinga for å endre eller avbestille timen din.

Du finn kontaktopplysingar til avdeling eller eining i innkallingsbrevet eller på sjukehuset sine nettsider i oversikta Avdelingar - A- Å.

Du har rett til å sjå kva som står i pasientjournalen din og til å få utlevert ein kopi av alle dokumenta i journalen. Du har også rett til å få utlevert loggen over kven som har lest din journal. 

Les meir og be om innsyn i eigen pasientjournal

Vi vil gjerne høyre om dine erfaringar i møte med sjukehuset. Det er ulike måtar å kontakte oss avhengig av kva type tilbakemelding det gjeld.

Slik kontaktar du sjukehuset for å gi ein tilbakemelding

Skal du sende post til Helse Bergen som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Les meir om korleis du loggar deg på og sendar meldingar med eDialog

 

​Adresser

Avdelingar og einingar ved Haukeland universitetssjukehus har mange ulike lokasjonar. Sjå avdelingsoversikta for besøksadresse til eininga du skal til:

Finn besøksadressa til eininga du skal til i avdelingsoversikta A-Å

Sjå kart over sjukehuset sine lokasjonar

Helse Bergen
Haukeland universitetssjukehus
[ Navn på avdeling ]
Postboks 1400
5021 Bergen

All post til avdelingar på sjukehuset skal sendast til det sentrale postmottaket vårt. 

Skal du sende post til inneliggjande pasientar på sjukehuset kan du nytte besøksadressa til avdelinga pasienten ligg på. 

Sjå sjukehuset si avdelingsoversikt A-Å  for riktig besøksadresse

Elektroniske faktura EHF: 

0192:983974724 
Meir informasjon om elektronisk faktura og kreditnota


Fakturaadresse: 
Helse Bergen HF Regnskapsseksjonen 
Postboks 1400 
5021 Bergen

Sentralblok​ka varemottak
Jonas Lies vei 83
5021 Bergen

Laboratoriebygget varemottak
Jonas Lies vei 91b
5021 Bergen

Organisasjonsnummeret til Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen HF er 983 974 724 ​

Media

Kommunikasjonsavdelinga kan setje deg i kontakt med fagfolka våre eller med leiinga ved sjukehuset. Du kan og be oss om hjelp til å finne informasjon som er naudsynt for å opplyse ein sak. Vi hjelper deg gjerne, men førespurnadar som ikkje er akutte bør skje på kvardagar. 

NB - Ikkje skriv sensitive opplysningar i e-post

Vakttelefon

958 90 445

Førespurnadar som ikkje er akutte bør skje på kvardagar i opningstida.

 

Les meir om mediekontakt

Formelle innsynsbegjæringar må sendast til post@helse-bergen.no

Les meir om offentleg postjournal

Nettstaden

Nettstaden blir drifta av Kommunikasjonsavdelinga i samarbeid med lokale webredaktørar i dei enkelte klinikkane og avdelingane i sjukehuset.

Ansvarleg redaktør

Erik Vigander, Kommunikasjonsdirektør

Redaktør for fag- og pasientinformasjon

Marta Ebbing, Fagdirektør og avdelingsdirektør for Forskings- og utviklingsavdelinga

Nettredaktør

Lena Kleveland Dahl, spesialrådgivar

Lurer du på noko om nettsidene våre?

Les meir om publiseringsløysing, innhald og redaktøransvar

 

Meld frå om feil eller manglar

Vi arbeider for at innhaldet på våre nettsider skal vere tilgjengeleg for alle. Om du finn feil og manglar knytt til universell utforming av nettsider eller innhald på www.helse-bergen.no, vil vi gjerne at du sender oss ei tilbakemelding.

Send ein e-post til: info@helse-bergen.no

Les tilgjengelegheitserklæringa for www.helse-bergen.no (uustatus.no)

 

Klage til Diskrimineringsnemnda

Du har rett til å klage:

  • om du ikkje kan bruke heile eller delar av nettstaden på grunn av manglande universell utforming
  • om du ikkje er nøgd med svaret vi gir deg etter din tilbakemelding
  • om vi ikkje svarer på tilbakemeldinga di

Du kan sende klagen til Diskrimineringsnemnda (skjema.no)

 

Ros og ris

Vil du gi oss ei tilbakemelding? Vi vil gjerne høyre om dine erfaringar i møte med sjukehuset. Det er ulike måtar å kontakte oss avhengig av kva type tilbakemelding det gjeld. Her finn du oversikt over korleis du kan kontakte sjukehuset for å gi ein tilbakemelding.

Gi ei tilbakemelding til sjukehuset
To kvinner som ser på en bærbar datamaskin og en mobiltelefon

Rettar, val og moglegheiter

Vi vil at du som pasient og dine næraste skal få god informasjon, hjelp og rettleiing til å leve best mogleg med sjukdommen, skaden eller tilstanden din. Her finn du ei oversikt over dine rettar og moglegheiter på sjukehuset.
Sjå oversikt over rettar og moglegheiter
Voss_sjukehus_fysioterapi_gangtrening_krykker_pasient_3.jpg
Sist oppdatert 06.02.2024