Undersøking, Pusteprøve
Spirometri
Spirometri er ei undersøking som måler lungefunksjonen din – både kor mykje luft du maksimalt får til å puste ut, og kor raskt du får til å puste ut.
Tilvising og vurdering
Ved poliklinikken på hjarteavdelinga, blir utført spirometri for å finne mogleg årsak til dyspnoe, og for å vurdere lungene og funksjonen og kapasiteten til luftvegane før hjartekirurgi og operasjonar på hvertet via blodåre
Undersøkinga er enkel, sikker og relativt uavhengig av muskelkraft og kondissjon
Før
For at testen skal gi riktigast mogleg resultat er det viktig at du:
- unngår å ete eit større måltid 1 time før undersøking
- unngår bruk av tobakk undersøkingsdagen
- ikkje anstrenger deg like før undersøking (1 time)
- får målt høgde og vekt før undersøkinga
- dersom du bruker tannprotese kan det bli aktuelt å ta denne ut under testen.
- viss mogleg - unngå å ta luftvegsopnande inhalasjonsmedisin (f. eks: Ventolin, Aeromir) den dagen du skal til spirometri.
Eventuelle inhalasjonssteroid (Fluitide, Inuxair, Serevent, Symbicort, Aerobec, Airflusal, Asmanex,Beclomet) kan brukast som vanleg. Dersom du kjenner deg dårleg, kan du ta dei luftvegsopnande inhalasjonsmedisinane dine. Viktig at du da noterer ned tidspunktet du tok medisinen. Nokon medisinar kan påverke resultatet av pusteprøva, derfor bør du alltid på førehand opplyse kva medisinar du bruker.
Alle andre faste medisinar blir tatte som vanleg.
Under
Du får på ei naseklemme og skal deretter puste gjennom eit røyr, så mykje og så kraftig du kan. Dette skal gjerast fleire gongar. Sjukepleiar vil heile tida instruere deg. Undersøkinga er smertefri, men kan vere litt ubehageleg. Den kan vere slitsom, og du kan bli svimmel og få litt hoste.
Spirometri med reversibilitetstest
Etter
Når testen er gjennomført fleire gongar, er det registrert informasjon om lungefunksjonen din.
Kontakt
Sentralblokka
Hjarteintervensjon
Oppmøtestad
- Innleggingskontoret: For timar til hjartekateterisering eller rytmeutgreiing/behandling
- Pasientekspedisjonen i poliklinikken: For timar til mellom anna pacemakerkontrollar og hjartekirurgiske kontrollar
- Kveldspoliklinikken: Her blir det gjennomført mange polikliniske konsultasjonar, i tillegg til at inneliggjande pasientar blir undersøkte her. Opningstider: Måndag til fredag kl. 16.00-1930.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen