Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
gutt på røntgen

Master- og hovudoppgåve

Haukeland universitetssjukehus ønskjer eit godt samarbeid med utdanningsinstitusjonane og deira studentar. Både for studentane og sjukehuset er det viktig at Master- og hovudoppgåver tek for seg relevante og gode problemstillingar.

Vi ønskjer gjerne master- og hovudfagsoppgåver som er ein del av ei større forskingsgruppe/prosjekt ved HUS og/eller universitets- og høgskulesektoren.

  • For kliniske master- og hovudfagsoppgåver bør problemstillingane imøtekoma behova frå dei kliniske avdelingane.
  • For master- og hovudfagsoppgåver på laboratoria bør problemstillingane imøtekomma behova frå laboratoria.

Datainnsamling gjennom metodane intervju, observasjon og/eller spørjeskjema retta mot pasientar og pårørande, er ressurskrevjande og set høge krav til personvern. HUS ønskjer difor i hovudsak at rettleiarar og studentar vurderer masteroppgåver som nyttar data frå ulike register gjenbruk av data utan personopplysningar (anonyme data), litteraturstudiar eller metodikk som ikkje inneber innsamling og bruk av sensitive data frå pasientar og pårørande.
HUS ønskjer master- og hovudfagsoppgåver som har kvalitet og relevans som gjer publisering mogleg.

 

Rettleiar og student må få løyve frå ein nivå 2 leiar ved HUS før ein går i gong med datainnsamling knytt til master- og hovudfagsoppgåve.
Vi rår studentar og rettleiarar til å lesa forskings​rutinane ved HUS før utforminga av prosjektskildring er ferdig. Forskingsrutinen inneheld viktig og nyttig informasjon om lovverk, malar for samtykke og regulering av samarbeidsprosjekt, og dessutan skjema for teieplikt, og melderutinar for prosjekt som skal meldast til personvernombodet ved HUS eller til Regional etikk komité (REK).

Me minner om at det er ansvaret til universiteta og høgskulane, og rettleiar å sørgje for at datainnsamling ved HUS følgjer gjeldande lover og reglar. Se også forskningshandbo​ka ved HUS

Utdanningsinstitusjonane har formelle avtalar / malar som trer i kraft ved samarbeid om master- eller hovudoppgåver. Når tilsette Helse Bergen, tilsette og studentar ved utdanningsinstitusjonen inngår ein avtale om tilgang til datamateriale og/ eller rettleiing for master- og hovudoppgåver treng følgjande punkt å nemnast:

  1. Rettleiing

Kva studenten kan forventa av rettleiar, og ein eventuell birettleiar. Utdanningsinstutsjonanen har formelle avtalar som regulerer rettleiarforholdet mellom student og rettleiar. Det må avklarast kva helseføretaket skal bidra med, med omsyn til rettleiing og datatilgang. Omfanget av rettleiing, innhaldet i rettleiinga, og om det er eit samarbeid med fleire studentar og felles masteroppgåve eller felles datagrunnlag.

  1. Publisering, kreditering og medforfattarskap

Kreditering skal følgja Vancouverreglane for medforfattarskap ved vidare utarbeiding av artikkelmanuskriptet etter at masteroppgåva er sensurert.  

  1. Behandling av data, personvern

Kva data det skal gjevast tilgang til og kva praktisk tilrettelegging som må gjerast i samband ved datainnsamling. Når avtale om samarbeid om master- eller hovudoppgåver er inngått vil vidare behandling og lagring av data følgja internkontrollsystem ved institusjonen anten ved Helse Bergen eller ved utdanningsinstitusjonen. Internkontrollsystem for helseføretaka ligg på dei interne nettsidene (104 Forskningshåndboken (helse-bergen.no) I samband med spørsmål om master- eller hovudoppgåver skal studentane få tilgang til denne informasjonen.

  1. Prosjektleiing

Før prosjektstart må det avklarast kven som er prosjektleiar og kva institusjon(ar) som er forskingsansvarleg i avtalen om gjennomføring av master- eller hovudoppgåva

 

Kva betyr «søk stilling»?

Alle som ønskjer å gjennomføra eit master- eller hovudoppgåve med data frå helseføretaket må gjera ein førespurnad gjennom denne portalen. Førespurnaden blir behandla hos den aktuelle avdelinga / prosjekt. Når førespurnaden er behandla, får hovudrettleiaren frå utdanningsinsitusjonen og studenten svar. Rettleiaren eller studenten blir ikkje  tilsett i helseføretaket, det vil seia ein uløna, tidsavgrensa periode med tilgang til IKT-system og moglegheit for å vera fysisk til stades i sjukehuset.

Kva er ein open annonse?

Om rettleiaren eller studenten har idear til oppgåvetema, problemstilling eller aktuelt datamateriale, kan rettleiaren og studenten gjere ein førespurnad. Prosjektskildring og annan relevant informasjon for den spesifikke master- eller hovudoppgåve må leggjast ved søknaden. Det kan vera aktuelt å justere prosjektplanen for å auke forskingsrelevans til kva Helse Bergen kan bidra med.

Kva må vera avklart før eg søkjer?

Rettleiar må vera informert og godkjenne førespurnaden.

Eg har avtale med ein klinikk, kva gjer eg?

Du «søkjer»/registrerer deg på ein open annonse lagt ut av klinikken / avdelinga du har avtale med. Når du «søkjer»/registrerer, vil det komma opp eit spørsmål om du har avtale med klinikk/avdeling. Dette stadfestar du og forset vanleg søkjeprosess.

Kan eg søkja sjølv om eg ikkje har formulert ei eksakt problemstilling?

Søknaden må innehalda prosjektskildring og annan relevant informasjon for den spesifikke master- eller hovudoppgåve. Prosjektplanen kan vidareutviklast i lag med rettleiar og klinikk/avdeling.

Eg er allereie tilsett i Helse Bergen, må eg likevel «søkja på stilling»?

Alle som ønskjer å gjennomføra eit master- eller hovudoppgåve må «søkjer»/registrerer gjennom denne portalen. Har du avtale med avdeling / klinikk må du «søkjer»/registrerer deg på ein open annonse, sjå spørsmål over.

 

 

 

Studentar som ønskjer å skrive master- og hovudoppgåve i samarbeid med Haukeland universitetssjukehus må senda inn førespurnad i WebCruiter. (link kommer) i samarbeid med hovudrettleiaren frå utdanningsinsitutsjonen
Førespurnaden må innhalda ei prosjektskildring og anna relevant informasjon for den spesifikke master- og hovudoppgåva. 
Førespurnaden blir behandla hos den aktuelle avdelinga/prosjektet. 
Når førespurnaden er behandla, får hovudrettleiaren frå utdanningsinsitusjonen og studenten svar. 
Avslag med grunngjeving  blir sendt på e-post. Dersom prosjektet kan gjevast tilgang til datamateriale eller rettleiing, blir hovudrettleiaren og studenten kontakta og får ein kontaktperson for vidare avtale.

Sist oppdatert 03.04.2024