Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kreftsenter for opplæring og rehabilitering / Pusterommet (KOR)

Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) tilhøyrer Kreftavdelinga, og er eit senter for kreftramma og deira pårørande. Pusterommet treningssenter er ein del av senteret. Senteret gir opplæring til pasientar og pårørande, og har rehabiliteringstilbod for kreftpasientar med gitte diagnosar. Tilbodet kan nyttast i forkant av, under og etter behandling. Alle kreftramma kan ta kontakt med Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) dersom dei ynskjer time til sexologisk rådgjeving i forhold til verknad/biverknad av behandling, og kva ein kan gjera.

Pasientar som ønsker å delta i rehabiliteringstilbodet må ha tilvising frå ein lege på Kreftavdelinga, Kvinneklinikken eller Hematologisk seksjon.

Før ein kan ta del i rehabiliteringstilbodet må den enkelte ha ein samtale med ein tilsett ved KOR. Ta kontakt for å avtale tid.

KOR si verksemd skal gjera bruk av, og vere fundamentert på prinsipp som fremmar brukarmedverknad, likepersonsarbeid, eigenmobilisering, læring og meistring. Dette skal bidra til at kreftramma opplev størst mogleg meistring i kvardagslivet med eller etter kreftsjukdom og kreftbehandling.

Rehabilitering

Senteret gir opplæring til pasientar og pårørande, og har rehabiliteringstilbod for gitte  pasientgrupper. Tilbodet kan nyttast i forkant av, under og etter behandling. I rehabiliteringstilbodet inngår individuell rettleiing/samtalar, fysisk trening, foredrag, gruppesamtalar, sexologisk rettleiing, ernæringskurs og meistringskurs.

Opplæring

KOR har ulike typar opplærings- og oppfølgingstilbod til pasientar og pårørande, frå foredrag til kurs. Nokon av tilboda er for bestemte pasientgrupper med tilvising og påmelding, andre tilbod er opne. 
Tilboda går føre seg ved KOR, og blir som regel gitt som gruppeundervising. I enkelte tilbod oppfordras pårørande å delta, enten det gjeld kurs eller opplæring. 
Kursleiarar, forelesarar og rettleiarar som deltek i kurs og opplæring er tilsette ved Kreftavdelinga eller andre avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus.
 

KOR arbeider med fagutvikling og tek del i og driv ulike forskingsprosjekt. 
Etter kvart som det føreligg publikasjonar og anna arbeid frå pågåande studiar vært det lagt ut her.
 

Publikasjoner: 

 

"Aktiv mot kreft» har bidratt med forskingsmidlar til den delen av den internasjonale multisenterstudien "Fysisk trening og kreft (PHYS-CAN)" som har vært gjennomført ved KOR. 

Forskningsprosjektet «Tidlig rehabilitering av kreftpasientar», er støtta med midlar frå Grieg Foundation og Kreftforeningen. 

KOR tek i mot studentar for omvisning, undervisning, praksis og rettleiing i oppgåveskriving.

KOR samarbeidar med ulike utdanningsinstitusjonar rundtom i landet. Senteret tek i mot praksisstudentar på bachelornivå samt rettleiar studentar på masterstudium i idrettsvitenskap bl.a frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og Norges Idrettshøgskole.

Kontakt

Telefon

Telefonen vert ikkje besvart onsdag mellom kl. 08.20-09.45.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Gå inn via Parkbygget og følg fotspora til venstre. 

Parkbygget

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

Ved inngangen til Parkbygget finn du ventesone A som er ope for pasientar og pårørande mellom kl. 07.30 -15.30.
Her finst aviser, blad, tv, trådlaust nettverk og ein lekekrok for dei minste.
Vi oppfordrar pasientar som ventar på time til lege eller på blodprøvesvar, til å nytte Atriet. Det er begrensa sitjeplassar i poliklinikken, så vi oppfordrar også pårørande til å venta lengst mogleg i Atriet.

For dei som skal ha behandling, er det eit eiga venterom i behandlingseinheita.

Utvalde avdelingar i Helse Bergen nyttar videokonsultasjonar. Her kan du lese meir om sikkerhet, personvern og praktiske instruksjonar om korleis du nyttar tjenesta:

Videokonsultasjon med behandlar via join.nhn.no

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

Les meir om Vardesenteret


Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk har ein eigen trivselskoordinator som er leiar for Styringsgruppa for pasientvelferd. 

Gruppa har for eksempel kjøpt nye møblar og kunst, og ​​​​​​​​​​​trivselskoordinatoren arrangerer alt frå konsertar til sommarfest og julebord. 

Kontakt

Lilly Vinje  

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Rehabiliteringstilbod