Landskapsbilde myrull. Foto

Kompetansesenter i lindrande behandling

Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest er eit regionalt ressurssenter for helsepersonell som arbeider med lindrande behandling og omsorg ved livets slutt.

Kontakt oss

​Våre oppgåver er forsking og fagutvikling, undervisning og opplæring og å fremje og koordinere palliativt arbeid i Helseregion Vest. 

Kompetansesenter for lindrande behandling skal fremme palliasjon i heile Helseregion Vest ved å styrke kompetanse bygd på eit heilskapleg menneskesyn og gode fagkunnskapar.

Dette skal skje gjennom å

  • fremme klinisk arbeid i palliasjon på alle nivå
  • fremme forsking og fagutvikling
  • fremme organiseringa av eit heilskapleg tenestetilbod  
  • fremme etisk refleksjon
  • auke kunnskapen om palliasjon i befolkninga generelt

Arbeidet skal vere prega av kompetanse, samarbeid, respekt og engasjement.

Kompetansesenteret skal arbeide for å styrke kompetansen i grunnleggande palliasjon generelt i helsetenesta. Senteret har eit særleg ansvar for å styrke kompetansen hos helsearbeidarar som arbeider spesifikt med palliasjon i heile eller delar av stillinga si.

Palliasjon til pasientar som ikkje har kreft, skal vere basert på pasienten sine behov og skje i tett samarbeid med kollegaer frå det aktuelle fagområdet. 

Logo: International Collaborative for Best Care for the Dying Person. PRC - European Palliative Care Research Centre.
Logo

 

Kompetansesenteret er godkjend som internasjonalt referansesenter for International Collaborative for Best Care for the Dying Person og samarbeidende senter i European Palliative Care Research Centre (PRC).

Kva kan vi brukast til?

  • Oversikt over kva som skjer innan lindrande behandling i Helseregion vest
  • Informasjon om aktuelle institusjonar og tiltak i regionen
  • Bistand til planarbeid
  • Oversikt over kurs og utdanningstilbod innan lindrande behandling
  • Informasjon om aktuelle forskings- og fagutviklingsprosjekt
  • Informasjon om lindrande behandling nasjonalt og internasjonalt
  • Kontaktar i Helseregion Vest, nasjonalt og internasjonalt 

Målgruppe for palliasjon

Ca 95% av pasientane på palliative einingar i sjukehus er i dag kreftpasientar. Også i kommunehelsetenesta dominerer denne gruppa de palliative pasientane. Men fagområdet har dei seinare åra blitt utvida også til andre pasientar med alvorleg, livstruande sjukdom, t.d. nevrologiske sjukdommar, kronisk lungesjukdom og hjartesvikt.

I nokre anbefalingar er den palliative pasientpopulasjonen avgrensa til pasientar med antatt forventa levetid mindre enn 9-12 månader. I realiteten er den palliative fasen ein prosess som startar når det vert erkjent at sjukdommen ikkje kan lækjast, og vert avslutta når pasienten døyr. Palliasjon inkluderer og sorgarbeid og oppfølging av etterlatne.

Alle nivå i helsetenesta tar hand om døyande pasientar og pasientar i palliativ fase, og alt helsepersonell må derfor kjenne til grunnleggande palliasjon.

Dokumenter

Brosjyre KLB

Strategidokument KLB 2024-2027.pdf

Årsrapport KLB 2023 kortversjon.pdf

Årsrapport 2023, fullversjon.pdf

 

 

 

 

​Avdelings e-post: lindrende.behandling@helse-bergen.no


Dagny Faksvåg Haugen 
Leiar/seksjonsoverlege 
55 97 58 31 

Grethe Skorpen Iversen
Nettverkskoordinator, Livets siste dager
992 04 009

Ann-Kristin Øren
Undervisningssjukepleiar
958 90 596

Elisabeth Romarheim
Kreftsjukepleiar
55 97 57 95​​

Kjersti Solvåg
Forskingssjukepleiar
918 80 659

Aud Myhre 
Sekretær 
55 97 58 24

Nina Elisabeth Hjorth
Overlege, Palliativt senter, Kirurgisk serviceklinikk, HUS
55 95 45 25

Katrin Sigurdardottir
Seksjonsoverlege, Palliativt senter, Kirurgisk serviceklinikk, HUS
55 97 58 24

 

Nettverksmodellen

Kompetansesenteret har knytta til seg eit tverrfagleg nettverk med kliniske medarbeidarar frå alle fire helseføretaksområda i regionen i bistillingar. 

Helse Bergen

Margrete Einen
Farmasøyt, Haukeland Sjukehusapotek
tlf 55 97 52 57, calling 9-7747, mandag​

Gunn Hannisdal
Kreftsjukepleiar, Palliativt senter, Kirurgisk serviceklinikk, Haukeland universitetssjukehus
tlf 55 97 73 24, mandag
   

Helse Fonna 

Grete Skeie Sørhus
Kreftkoordinator i Vindafjord kommune
tlf 53 65 59 06, 48 89 12 11, tirsdag 

Jenny Ann Lid Toft​
Sjukepleiar, Gastrokir. avd., Haugesund sjukehus
tlf 52 73 24 30, tirsdag

Helse Førde 

Marthe Hauge Aase
Kreftsjukepleiar, Førde omsorgssenter, Sunnfjord kommune 
tlf 478 45 091, tirsdag 

Camilla Norstrand
Kreftsjukepleiar og kreftkoordinator, Askvoll kommune
tlf 459 75 809, evt 971 72 827, tirsdag​

Helse Stavanger 

Margu​nn Byberg​
Kreftsjukepleiar, Boganes sykehjem, Stavanger kommune
tlf 97115348, torsdag​

Laila Johannesen
Kreftsjukepleiar, Palliativt senter, Avdeling for blod- og kreftsykdommer, Stavanger universitetssjukehus
tlf 51 51 89 01, torsdag

Hartwig Kørner
Overlege og professor, Gastrokirurgisk avdeling, Stavanger universitetssjukehus 
tlf 51 51 80 00, torsdag 

 

Lindrande behandling er aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar med sjukdom som ikkje kan lækjast og kort forventa levetid.

Sjå meir om lindrandre behandling

​​​

 

Palliasjon - verktøy for helsepersonell

Informasjon og verktøy for deg som arbeider med alvorleg sjuke og døyande. Du finn blant anna informasjon om individuell plan, førehandssamtalar, Livets siste dagar, behandlingsalgoritmar for vanlege symptom hos døyande / dei fire viktigaste medikamenta, medikamentskrin, legemiddelinformasjon, ESAS, tilvisingsrutinar og smertepumpe.
Verktøy for helsepersonell
stetoskop og bunke med papirer. foto

Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Vest

​I Helse Vest har vi bygd opp nettverk av ressurspersonar i kreftomsorg og lindrande behandling. Målet med nettverka er kompetanseheving og samhandling slik at behandlinga blir best mogeleg på alle nivå i helsetenesta.
Gå til nettverka
illustrasjon nettverk

Aktuelt

    Sist oppdatert 10.04.2024