Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mediekontakt

Vi i Kommunikasjonsavdelinga set deg gjerne i kontakt med fagfolka våre eller med leiinga ved sjukehuset. Du kan og be oss om hjelp til å finne informasjon som er naudsynt for å opplyse ein sak, medan formelle innsynsbegjæringar må sendast til post@helse-bergen.no

Kontakt Kommunikasjonsavdelinga:

  • info@helse-bergen.no Ikkje skriv sensitive opplysningar i mail.
  • For innsynsbegjæring: post@helse-bergen.no
  • Telefon: 55 97 60 00 - kvardagar kl. 08.00 - 15.30
  • Vakttelefon: 958 90 445 - utanom kontortid. Vi hjelper deg gjerne, men førespurnader som ikkje er akutte bør skje på kvardagar i kontortida.

Haukeland universitetssjukehus skal leggje forholda til rette for pasientar som ​vil møte media​.

Retningslinjer for media på sjukehusområdet 

Retningslinje for lyd-, foto og filmopptak på Haukeland universitetssjukehus 

Teieplikta til dei helsetilsette er lovfesta i Lov om helsepersonell og i  Lov om pasientrettigheter. Det hender at pasientar og/eller pårørande gir helsepersonell fritak frå teieplikta. Eit slikt fritak må gjelde all relevant informasjon og skal så langt råd er, ikkje avgrensast til eitt medium.

Om pasienten eller pårørande fritar nokon frå teieplikta, inneberer det likevel ikkje ei opplysningsplikt overfor media. Legar og anna helsepersonell skal gjere ei sjølvstendig vurdering om i kva grad opplysningar skal bli gitt, og kan avslå å gi opplysningar til pressa utan ei nærmare grunngjeving. Omsynet til kva som er til beste for pasienten skal vege tyngst.
Skjema: "Fritak frå teiepli​kta" (PDF)

​Frå og med 1. mars 2019 avvikla alle helseføretaka i Helse Vest praksisen med å gi media opplysningar om helsetilstanden til pasientar som har vore utsett for ulukker eller valdshandlingar. Dette gjeld alle sjukehus og behandlingsstader i Helse Stavanger, Helse Førde, Helse Fonna og Helse Bergen.

Alle pasientar har rett til vern mot spreiing av opplysningar om personlege og helsemessige forhold. Det gjeld også personar som er utsett for ulukker eller valdshandlingar som blir omtalt i media.

Vi har stor forståing for media si rolle og behov for å informere befolkninga i saker av offentleg interesse, men ivaretaking av teieplikt og personvern må gå framfor media sitt informasjonsbehov. Dei regionale personvernomboda påpeikar at opplysningane som i dag blir gitt til media bør handterast som personopplysningar omfatta av personvernforordninga og lovfesta teieplikt.

På ulukkesstaden har politiet ansvar for å gi informasjon til media, som tidlegare. Sjukehusa tar jamleg i mot pasientar i saker der politiet er involvert. I desse sakene er media si interesse ofte stor. Politiet gjer eigne vurderingar av kva informasjon dei kan og ønskjer å dele med media i slike saker. Helsepersonell har teieplikt også overfor politiet, med nokre få unnatak. Politiet får derfor berre opplysningar om pasient frå sjukehuset der det er heimel i lov for å gi slik informasjon.

Informasjon frå sjukehuset ved større hendingar

Ved større ulukker med mange skadde, terrorhendingar, naturkatastrofar og liknande vil kriseleiing samarbeide med politiet om kva informasjon ein kan gi til media. Det vil vere naturleg at ein for eksempel kan gi informasjon som kor mange skadde det er og kva type skader det generelt sett blir gitt behandling for avhengig av hendinga. Tilstand på enkeltpasientar vil av omsyn til personvernet ikkje bli gitt.

​Dersom du ønskjer innsyn i dokument, kan du kontakte post@helse-bergen.no​​

Offentle​g postjournal

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har ein flat leiarstruktur. I alt 28 direktørar på divisjons-, klinikk- og avdelingsnivå rapporterer direkte til administrerande direktør.

Sjå oversikten over leiinga ved sjukehuset

Styret har det øverste ansvaret for drifta av sjukehuset. Styret i Helse Bergen består av representantar som er oppnemde av Helse Vest og representantar som er valde av dei tilsette. Alle representantane er likestilte i styret.

Styredokument og meir ​om styret​​

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus skal vere open for innsyn og tilgjengeleg for media.

Retningslinje for tilsette

Vil du bruke våre bilete, kontakt Kommunikasjonsavdelinga

Du finn tilgjengelege bilete på Flickr

Sist oppdatert 07.06.2023