Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En kvinne med hånden i ansiktet

URO (Ung Rus Oppdagelse)

Mykje festing i det siste? Stressar du ned med rus? På tide å snakke om det? Då ønskjer vi å kome i kontakt med deg før problema blir store og rusbruken blir vanskeleg å takle. URO (Ung Rus Oppdagelse) er eit gratis korttidstilbod som skal gjere det enklare for unge mellom 15 og 25 år å få hjelp for begynnande rusvanskar.

Snakk med oss i URO-teamet før utfordringane blir for store for deg.

Er du under 25 år og slit med rus, kan du ta direkte kontakt med URO-teamet på telefon. Du treng ikkje tilvising frå fastlege eller NAV for å få ein samtale. Vi jobbar ambulant, noko som betyr at vi kan møte deg der du kjenner deg komfortabel og trygg; både på kontoret, ute på tur, på skulen eller heime. Du får tilbod om første samtale så fort som mogleg etter telefonkontakt, og helst innan ein til to kvardagar.
 
URO si oppgåve er å kartleggje den totale situasjonen din, og hjelpe deg til vidare oppfølging eller behandling, dersom du ønskar det. URO er inne i en avgrensa periode.
 

Kvifor URO?

URO-teamet vart etablert fordi undersøkingar har vist oss at dei fleste som blir tilvist til rusbehandling i spesialisthelsetenesta (TSB Tverrfaglig spesialisert rusbehandling), gjerne skulle fått hjelp tidlegare. Målet med URO er at du som er ung skal få hjelp før utfordringane blir så store at rusbruken blir for vanskeleg å takle.

Vi er helsepersonell med lang erfaring i å hjelpe unge som har det vanskeleg og som bruker alkohol eller andre rusmiddel. Vi ønsker å vere ein du kan stole på, ein som vil forsøke å forstå deg og ein som tar deg på alvor. Vi ønskjer også å rettleie deg vidare til den rette hjelpa for deg.


Tilbodet vårt er gratis.

Me kan kome til deg der du er, eller avtale å møta ein stad som passar for deg. Du kan også kome til oss, dersom du synes det er best. Du kan ringja eller senda SMS til oss på telefon 415 24 141 frå 08:00 til 15:30 alle *kvardagar.

Me kan treffa deg 1-2 dagar etter du har teke kontakt. Etter me har møtt og vorte litt kjende, kan du sjølv velje om du vil treffa oss igjen og sjå kva me kan hjelpa deg med.

I den første telefonsamtalen kan du også få vita meir om korleis me jobbar. Dersom me oppfattar at du er i ein situasjon der me er redde for at det står om liv eller helse, kan me sjå om det er nødvendig å involvera andre. I så fall vil me snakka med deg om det.

 

URO er ikkje eit akuttiltak for øyeblikkeleg hjelp.

Ved behov for akutthjelp må ein kontakta legevaktetenesta. Dersom me oppfattar at du er i ein situasjon der me er redde for at det står om liv eller helse, kan me sjå det som nødvendig å involvera andre. I så fall vil me snakka med deg om dette.

URO skal gi lettare og raskare tilgang på hjelp for rusproblem i spesialisthelsetenesta.
Tilbodet gjeld unge i alderen 15-25 år som har det vanskeleg og bruker alkohol og / eller andre rusmiddel.

  • URO-teamet er lett tilgjengeleg på telefon, og det er ikkje nødvendig med tilvising frå fastlege eller NAV for å få ein samtale. Vi jobbar ambulant, som betyr at vi kan møte dei unge der dei føler seg komfortable og trygge.
  • Første samtale skal skje så fort som mogleg etter kontakt, og helst innan ein til to virkedagar.
  • Også de som er bekymra for nokon, kan ta kontakt med oss om det er noko de lurer på.
  • Du kan ringe/eller sende sms til oss på telefon 415 24 141  frå 08:00 til 15:30 alle kvardagar.

Tilbodet er gratis.

URO kan bistå med råd og rettleiing i saker med unge pasientar som bruker alkohol og/eller andre rusmiddel. 

Den unge må samtykke til at de tar kontakt med oss, viss ikkje må rettleiinga vere anonym.

Den unge må og samtykke til det dersom vi skal ut og snakke med han/henne.
Ein kan ta direkte kontakt med oss utan behov for tilvising, slik at dei unge kan få raskare avklaring og eventuelt vidare hjelp.  

Kontakt

​De kan ringe oss på telefon 415 24 141 frå 08:00 til 15:30 alle kvardagar.

 
Tilbodet er gratis.

URO er ikkje eit akuttiltak, og skal ikkje erstatte akuttfunksjonar i spesialisthelsetenesta.

Årsrapport_URO_2023.pdf

Halvtårsrapport fra URO

Årsrapport fra URO 2021

Årsrapport fra URO 2022​​

uro

 


 



 

Sist oppdatert 23.04.2024