We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Frisør og parykksalong

I 3. etasje i Sentralblokka finn du Apollo Hårsenter Haukeland. Salongen er open for både pasientar, pårørande, tilsette og andre. Vi tilbyr ordinære frisørtenester og er spesialistar innan løysingar for dei som har hårtap. Vi fører eit stort utval av parykkar og hovudplagg og kan tilpasse alle modellar slik at dei passar kvar enkelt. Vi tilbyr også parykkar laga av hår frå norske hårdonorar.

A few women in a room
Våre frisørar er spesialiserte innan parykkar og hårerstatning.

​Opningstider

Måndag til fredag kl. 09.00 - 16.00.
Laurdag og søndag: Stengt

Kontakt

Telefon: 55558554
E-post: haukeland@apollohair.no
Adresse: Jonas Lies vei 65, 5021Bergen

Du finn oss i 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus ​

Vi har drop-in-booking for alle vanlege frisørbehandlingar.
Ønskjer du ein time for parykkonsultasjon, kan du booke han via denne lenkja:
 

Frisørsalongen er open for alle – pasientar, pårørande og tilsette, og er tilrettelagt for rullestolbrukarar.

Dersom det er vanskeleg for deg som pasient å kome til oss i salongen, kjem vi sjølvsagt til deg.   

Vi tilbyr konkurransedyktige prisar og 10% rabatt til studentar og tilsette i sjukehuset.

A woman in a dress
Vi utfører frisørtenester som klipp, farging, hårkurer og extensions.
A woman smiling in front of a wall of pictures
Dagleg leiar Isabell i vårt velfylte parykkrom.

 

Last updated 4/27/2026