We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Sykehusskolen

Barn og unge som er innlagde på sjukehus i fem døgn eller meir har rett på opplæring ved Sykehusskolen. Dette gjeld alle som har skuleplass. I tillegg tilbyr vi skule for barn som pårørande, etter avtale med sjukehuspostane og dei aktuelle involverte.

A room with desks and chairs

Ved gjentakande opphald på sjukehus, er det nok å kontakte Sykehusskolen og informere om at barnet/ungdommen er tilbake og klar for opplæring. Sykehusskolen er avhengig av at sjukehuset informerer oss om pasientar som har rett til skulegang.

Lærarane ved Sykehusskolen har høg kompetanse; fagleg, pedagogisk og relasjonelt. Ei undervisning prega av utforsking og samskaping kan stimulere samhandling, kommunikasjon og deltaking i det sosiale fellesskapet. Vi tilbyr ein høg grad av tilpassing i undervisningssituasjonen og lærarane tilpassar skuletilbodet til elevane sin dagsform og behandlingsplan. I dei tilfella elevane ikkje kan kome til skulen vil vi kunne tilby undervisning på sengeposten.

Ved Sykehusskolen ønskjer vi å gi elevane våre ein variert skuledag og vi ønskjer å leggje dei gode meistringsopplevingane til grunn for undervisninga. Vi vektlegg fag som norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og naturfag, men vi satsar også på praktisk-estetiske fag som kunst og handverk, mat og helse, musikk og kroppsøving.

Kontaktinformasjon

Sykehusskolen er lokalisert i Glasblokkene, blokk 4, 3. etasje.

Adresse: Haukelandsbakken 1

Telefon: 55 97 44 82

E-post: 

Avdelingsleiar Roald Torkildsen: roald.torkildsen@vlfk.no

Seniorrådgjevar Yrjan Schnell Brun: yrjan.schnell.brun@vlfk.no

Last updated 1/10/2025