We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
A group of people in red uniforms

Kurs, rådgiving og undervisningsmateriell

Her finn du informasjon om kurs og rådgiving som Nokblod kan tilby. Ta kontakt med oss dersom de har spørsmål eller ønskjer å bestilla kurs.

Generell informasjon

Nokblod held kurs om blodberedskap og relaterte tema for sivile og militære aktørar. Vi kan vidare tilby rådgiving og undervisning i praktiske prosedyrar og rutinar for blodbankar og føretak. Dette kan til dømes gjelda etablering av blodberedskapsplanar, implementering av fullblod, etablering av nødblodgivarkorps og vandrande blodbankar eller liknande.

I samarbeid med Universitet i Bergen har me laga undervisningsfilmar. Disse er lagt ved nedanfor.

For spørsmål om kurs eller rådgivning, bruk kontaktskjema:

Kontakt oss ved å   <<Klikke her>>

 

Kurs og foredrag

Nokblod tilbyr ulike typar kurs og foredrag som blir tilpassa kvar enkelt målgruppe. Spesifiser gjerne ønskje i kontaktskjema.

Ei kort oversikt over dei kursa og undervisningsform som Nokblod tilbyr:

Kursvarigheit

2 dagar (16 timar)

Innhald

Dekkjer implementeringa av eit blodberedskapsprogram for behandling av pasientar med alvorleg bløding i freds- og krigstider. Inkludert grunnleggande teori og praktisk opplæring i nødtapping og nødtransfusjon. Kurset er todelt, ein teoretisk del og ein praktisk del, og går over 2 dagar. Kurset gir deltakarane ei innføring i følgjande:

  • Rasjonale for bruk av blodtransfusjon ved behandling av pasientar med alvorleg bløding
  • Bruk av blodtransfusjon til pasientar med alvorleg bløding:
    • Overvaking av blødande pasient
    • Bestanddelar i blod, deira funksjon ved bløding og bruk av fullblod
    • Patofysiologi ved blødningssjokk
    • Skadebegrensande resuscitering ved livstruande bløding (RDCR)
    • Nasjonale retningslinjer for bruk av blodtransfusjon til pasientar med alvorleg bløding
  • Transfusjonsreaksjonar
  • Etablering av nødblodgivarkorps og vandrande blodbank
  • Effekt og tryggleik ved fullblodstransfusjon med døme frå sjukehus- og prehospitalt bruk av fullblod i Noreg
  • Lagring og transport av fullblod
  • Demonstrasjon og øving i praktiske prosedyrer:
    • Blodtyping med hurtigtest (ABO og RhD)
    • Trening i nødtapping av fullblod
    • Autolog reinfusjon av fullblod for treningsformål

Læringsmål

  • Å kunna etablera eir system for nødtapping og nødtransfusjon av fullblod og blodkomponentar 
  • Å kunna forstå nytte, risiko og regulatoriske forhold knytt til bruk av nødtapping og nødtransfusjon
  • Å kunna utføra nødtapping og nødtransfusjon av fullblod frå ein vandrande blodbank utanfor sjukehus i krise og krig

Målgruppe

Sivile og militære helsetenester, prehospitale helsetenester og kommunehelseteneste/legevakt. 
(Bioingeniør, sjukepleiar, leger, ambulansepersonell, paramedisinar, helsesekretær, mfl.)

 

Kursvarigheit

1 dag (9 timar)

Innhald

Dekkjer ei generell teoretisk forståing og gir ei grunnleggjande praktisk opplæring for tapparar av fullblod i ein beredskapssituasjon utanfor sjukehus. Kurset er todelt, ein teoretisk del og ein praktisk del, og går over 1 dag. Kurset gir deltakarane ei innføring i følgjande:

  • Rasjonale for bruk av blodtransfusjon i behandling av pasientar med alvorleg bløding
  • Nasjonale retningslinjer for bruk av blodtransfusjon til pasientar med alvorleg bløding
  • Effekt og tryggleik ved fullblodstransfusjon med døme frå sjukehus- og prehospitalt bruk av fullblod i Noreg
  • Etablering og vedlikehald av nødblodgivarkorps:
    • Blodgivarutveljing
    • Oppfølging av nødblodgivarar i samband med tapping
    • Hemovigilans
  • Praktiske forhold ved implementering av eit program for nødtapping av fullblod
  • Demonstrasjon og øving i praktiske prosedyrer:
    • Blodtyping med hurtigtest (ABO og RhD)
    • Trening i nødtapping av fullblod
    • Autolog reinfusjon av fullblod for treningsformål

Tapping og produksjon av fullblod for rutinebruk er dekt i eige kurs, sjå: Kurs i implementering av fullblod for blodbankar.

Læringsmål

  • Å kunna forstå nytte, risiko og regulatoriske forhold knytt til bruk av nødtapping og nødtransfusjon av fullblod i krise og krig
  • Å kunna utføra nødtapping og nødtransfusjon av fullblod frå ein vandrande blodbank utanfor sjukehus i krise og krig

Målgruppe

Sivilt og militært helsepersonell, prehospital og in-hospitale helsetenester som skal utføre tapping av nødblodgivare i ein vandrande blodbank.
( Bioingeniør, sjukepleiar, leger, ambulansepersonell, paramedisinar, helsesekretær, mfl.) 

Kursvarigheit

2 dagar (16 timar)

Innhald

Dekkjer implementeringa av eit fullblodprogram med fokus på blodbankar. Kurset har to delar, ein teoretisk del og ein praktisk del, og strekkjer seg over 2 dagar. Workshopen inneheld:

  • Bakgrunn for bruk av fullblod til transfusjon:
    • Rasjonale for bruk av blodtransfusjon i behandling av pasientar med alvorleg bløding:
      • Patofysiologi ved blødningssjokk
      • Skadebegrensande resuscitering ved livstruande bløding (RDCR)  
    • Nasjonale retningslinjer for bruk av blodtransfusjon til pasientar med alvorleg bløding
    • Effekt og tryggleik ved fullblodstransfusjon med døme frå sjukehus- og prehospitalt bruk av fullblod i Noreg
  • Regulatoriske forhold
  • Risikoar og fordeler
  • Implementering:
    • Etablere blodgivarkorps (Utveljingskriterium og testing)
    • Tapping og produksjon av fullblod (inkl. leukocyttreduksjon)
    • Utstyr
    • Lagring og lagerstyring
    • Transport og transportkassar
    • Krav til validering og kvalitetskontroll
    • Opplæring og revisjon
  • Fullblod i beredskap:
    • Nødtapping av fullblod i og utanfor sjukehus
  • Praktisk trening:
    • Tapping og produksjon av fullblod
    • Oppsett for valideringsplanar og kvalitetskontroll for deltakende institusjonar

Læringsmål

  • Å kunna etablera rutinar og prosedyrar for tapping av fullblod til bruk i behandling av pasientar med alvorleg bløding i fred, krise og krig.

Målgruppe

Blodbankar.
(Bioingeniør, sjukepleiar, leger, helsesekretær, mfl.)  

Forslag til aktuelle tema for undervisning og foredrag:

  • Rolla til blodbankane i beredskap
  • Lokale og regionale blodberedkapsplaner
  • Skadebegrensande resuscitering (Hemostatisk resuscitering)
  • Kaldlagra blodplater til blødande pasienter
  • Bruk av fullblod til behandling av pasientar med livstruande bløding

Informasjonsfilmar og e-læringskurs

Last updated 3/6/2025