Som foreldre eller føresett til barn som skal på sjukehuset, er det lurt å vere førebudd på kva som skal skje. Dette er viktig for barnet, men også for deg som følgjer barnet. Vi har prøvd å samle informasjon som kan gjere sjukehusbesøket så fint som mogleg.
Til dei vaksne
Kvart år tek sjukehuset vårt imot tusenvis av barn til ulike prøvar, undersøkingar og konsultasjonar. Mange barn er spente eller gruar seg før dei skal på sjukehuset. Dersom barna (og de vaksne) veit kva som skal skje når de kjem til sjukehuset, vil det bli enklare å gjennomføre undersøkingane, og opplevinga barna har av sjukehusopphaldet vil bli betre.
Barn har rett til å vere delaktige og få informasjon om eiga behandling. Det inneber mellom anna at barnet skal få informasjon som det forstår, og at det skal få stille spørsmål og uttrykkje tankar og kjensler.
I nokre tilfelle kan det bety at ein treng ein tolk, andre gonger at ein får ein tekst å lese heime.
Snakk med sjukehuset dersom du er usikker på korleis de kan leggje til rette for barnet, slik at det forstår kva som skal skje.
Ved å prate med barnet om kva det skal vere med på, gir du barnet ein moglegheit til å fortelje om kjenslene sine knytt til det som skal skje. Du hjelper også barnet med å kjenne tryggleik og tillit til dykk som foreldre og til helsepersonellet.
Det er viktig å prøve å finne ut om barnet har nokre spørsmål før besøket. Ver så ærleg som mogleg når du fortel barnet kva som kjem til å skje. Det du seier må tilpassast etter modenheit og alder på barnet.
Om barnet er urolig før eit sjukehusbesøk, kan du som forelder roe barnet ved å love at du skal vere med under undersøkinga eller behandlinga. Om barnet skal i narkose, er du med fram til barnet sovnar, og er til stades når barnet vaknar. Fortel barnet at dersom det ønskjer, kan du seie til helsepersonellet at barnet gruar seg, og be om at dei forklarar nøyaktig kva som kjem til å skje.
Det er viktig at barnet forstår at det finst både ein start og ein slutt på det som skal skje.
Enkelte barn reagerer med gråt etter ei krevjande undersøking eller behandling. Gråt er ein naturleg reaksjon på situasjonen, og ikkje eit teikn på at ein har mislykkast. Nokre barn græt seg gjennom prosedyren, andre vil vere i fred. Nokre blir spente og vanskelege å få kontakt med. Alt dette er naturlege reaksjonar og barnets måte å handtere situasjonen på.
Om barnet kjem fleire gonger til same stad, har det rett til å få treffe dei same personane som tidlegare, dersom barnet ønskjer det og om det er mogleg. Om barnet må treffe nye personar, skal dei ha informasjon om barnet og korleis barnet ønskjer å ha det.
Sjølv om du ikkje veit nøyaktig kva som kjem til å skje på sjukehuset, kan du fortelje barnet omtrent kva du trur det kjem til å vere med på.
Det beste for barnet er at du prøver å vere roleg slik at det kjenner seg trygg. Dersom barnet føler at du som forelder og pleiepersonalet har kontroll over situasjonen, treng det berre å konsentrere seg om å handtere sine eigne opplevingar.
Dersom barnet har vore med på noko ubehageleg, er det fint om du som forelder kan vere i nærleiken. Det er også viktig at barnet får eit tilbod om å snakke om det som har hendt.
Om barnet har blitt skremt etter ei behandling eller undersøking, er det viktig at du tek barnets redsle på alvor, utan å bagatellisere den. Forklar barnet at det er vanleg å vere redd for smerte og å kjenne seg redd i nye situasjonar.
Om du prøver å tøyse dette bort eller fortelje barnet at det ikkje har nokon grunn til å vere redd, kan dette forsterke angsten.
Tips som kan hjelpe med å bearbeide opplevingane på sjukehuset
- Om du som vaksen føler deg trygg, er det lettare å roe barnet.
- Er du som forelder redd og engsteleg, er det greitt å informere personalet om det. Det er ikkje alltid dei klarer å oppfatte korleis du har det. Viss dei veit at du er bekymra, kan dei forklare, hjelpe deg med å forstå og berolige deg.
- Stiller barnet spørsmål du ikkje kan svare på, er det fint om du fortel barnet at dette skal de finne ut av når de møter sjukepleiaren eller legen.
- Ikkje lov at ei behandling eller undersøking ikkje kjem til å gjere vondt. Sei heller at det finst måtar å minske eller ta bort smerten på.
- Det er du som kjenner barnet ditt best. Fortel helsepersonellet kva barnet ditt treng eller ønskjer i samband med undersøkinga.
- For små barn kan det vere ein fordel å ha ein sjukehuskoffert med doktorsaker heime, slik at barnet kan bli kjent med noko av utstyret som blir brukt på sjukehus.
- Er barnet yngre enn tolv år, er det fint om de ser på bilete eller filmar som handlar om helse og sjukehusomsorg.
- Lån bøker eller filmar på biblioteket som kan hjelpe barnet med å forstå kva det skal gjennom.
- Det kan vere lurt å informere barnehage og skule om barnet har vore med på noko som har vore krevjande. Reaksjonar kan kome lenge etter ei slik oppleving.
Palliativ oppfølging er eit tilbod til alle barn og unge som lever med livstrugande eller livsavgrensande sjukdom.
Målet for oppfølginga er best mogleg livskvalitet for pasienten og familien, gjennom symptomlindrande behandling, heilskapleg omsorg og oppfølging over tid.
For meir informasjon Palliativt team barn og unge - Helse Bergen HF
Dødsfall er ein del av livet på eit sjukehus. Tap av eit barn er ein djupt krevande situasjon for pårørande. Det kan og vere følelsesmessig utfordrande for medarbeidarar som har fulgt familien i behandling og gjerne over tid, som helsepersonell.
Gravferd er ei privat hending av stor betydning. Pasientane våre kjem frå eit stort geografisk område, frå ulike kulturar og frå ulike miljø. Vi skal tilstrebe at alle får same tilbod, uavhengig av bustad, diagnose og arbeidspress i klinikken.
Medarbeidarar i BUK skal ikkje delta i gravferd til pasient, i arbeidstid eller på fritida.
Vi skal alltid ivareta pårørande på ein profesjonell måte, både før, under og etter eit dødsfall, og vi skal tilby ettersamtale etter gjeldande retningslinjer.
Tilpass informasjonen til alder på barnet
Her kan du lese noen gode råd om å tilpasse informasjonen til alderen på barnet.
Så små barn forstår framleis ikkje kva tid er, eller korleis ting heng saman. Det kan difor vere vanskeleg for barnet å førebu seg til hendingar som ligg fram i tid, og å forstå kvifor det må på sjukehuset.
Det er difor viktig at du som forelder førebur deg ved å lese deg opp på kva som skal skje, eller ved å spørje personalet, slik at du kan formidle ro og tryggleik til barnet.
Barn i denne alderen føler seg ofte utrygge dersom dei må skiljast frå foreldra. Det beste for barnet er difor å ha ein eller begge foreldra med seg. I tillegg kan det vere lurt å ta med noko barnet kjenner seg trygg på, til dømes eit koseteppe, kosedyr, smokk eller liknande.
Sjølv om barn under eitt år ikkje forstår sjølve orda, kan du likevel prate roleg med det om kva som kjem til å skje og kva som føregår. Det skaper tryggleik for barnet.
For barn som er eldre enn to år, kan du vise på ei dokke eller eit kosedyr korleis ei undersøking går føre seg. La barnet veksle mellom å vere den som undersøker og den som blir undersøkt. Når du førebur barnet, er det lurt å gjere det rett før de skal på sjukehuset.
I denne alderen er det ofte lettare for barnet å forstå det som blir sagt. Barnet har difor betre moglegheit til å førebu seg. Det er fint om du kan fortelje barnet kort og enkelt kva det skal vere med på, gjerne nokre dagar før de skal på sjukehuset.
Barn i denne alderen har livleg fantasi, og det kan nokre gonger vere vanskeleg å skilje mellom røyndom og fantasi. Nokre barn kan til dømes tenkje at behandlinga eller undersøkinga skjer fordi dei har gjort noko dumt, og dei kan til og med kjenne skuld for at dei har blitt sjuke.
Dersom du trur barnet ditt har slike tankar, kan du fortelje at alle menneske kan bli sjuke, og at det ikkje er nokon sin skuld. Å vise bilete av, eller fortelje om andre barn som har vore med på det same, kan hjelpe. Det finst mange fine barnebøker om barn på sjukehus. Gå gjerne på biblioteket for å låne bøker som høver.
Barn i denne aldersgruppa er som oftast ikkje like redde for å skiljast frå foreldra sine, slik som yngre barn. Kanskje tør barnet ditt gå på leikestova saman med personalet når du berre er i nærleiken?
Barnet i denne alderen kan kjenne uro for det som skal skje med kroppen. Du kan prøve å forklare kva for delar av kroppen du trur kjem til å bli undersøkte. Unngå å seie at nokre kroppsdeler ikkje kjem til å bli rørt, sidan ein aldri kan vite heilt sikkert.
Mange barn kan førestille seg korleis dei ser ut inni kroppen. Vis gjerne med teikningar, bilete eller bøker. Har du ikkje bøker heime, kan du låne på biblioteket. Kanskje har barnehagen også slike bøker? Barnet kan også forstå at det går an å «reparere» det som ikkje er heilt i orden, og som vaksen må du gjerne forklare litt nærare kva dette inneber.
Barn mellom 6 og 12 år treng oftast informasjon i god tid om kva som skal skje. Nokre dagar før pleier å vere passande. Mange barn er nysgjerrige, og som vaksen må du prøve å vere lydhør for kor mykje informasjon barnet ditt vil ha.
Barn som er 6 år og eldre kan gjerne leike det som skal skje. Ta fram ei dokke eller ein kosebamse de kan vise på. Bruk gjerne bøker om temaet kroppen eller barn på sjukehus. Større barn kan ofte føretrekke berre bilete eller bøker.
Barn i denne alderen forstår tid betre, og at hendingar har ein start og ein slutt. Det kan vere fint å snakke om kor lenge ei undersøking skal vare. Det er lettare å halde ut noko ubehageleg eller uvant dersom dei veit når det byrjar og når det sluttar. Snakk om kva del av kroppen som skal undersøkjast eller behandlast.
Større barn har lettare for å fortelje kva dei føler og forstår kvifor dei skal behandlast eller undersøkjast på sjukehus. Ver merksam på at ein del barn kan kjenne ei slags skuld over at dei er sjuke. Dei kan vere redde for å ikkje ha kontroll over kva som kjem til å skje med kroppen sin. Du kan prøve å forklare kva for delar av kroppen du trur kjem til å bli undersøkte. Unngå å seie at nokre kroppsdeler ikkje kjem til å bli rørt, sidan ein aldri kan vite heilt sikkert.
Barn i denne alderen funderer ofte mykje på liv og død. Dersom samtaleemnet dukkar opp, er det viktig å ta det på alvor og ikkje bytte emne.
Barn i tenåra kjenner seg ofte trygge utan at foreldra er med. Det er likevel bra om tenåringen kjenner att personalet og miljøet. Det er viktig å vere lydhør for når tenåringen vil vere åleine med personalet, og når han eller ho har behov for støtte frå deg som forelder.
Rett til å vere åleine med personalet
Det kan vere vanskeleg for ein ungdom å be om å få vere åleine med personalet ved undersøkinga. Han eller ho ønskjer kanskje å fortelje noko i enerom. Som forelder er det difor viktig å spørje barnet i forkant eller rett før avtalen om det vil vere åleine med legen eller sjukepleiaren. Foreldre har ingen sjølvsagt rett til informasjon om all behandling ungdommen får i helsetenesta.
Fortel om teieplikta
I denne alderen kan den største redsla handle om å miste kontroll og oppføre seg underleg, til dømes i samband med beroligande medisinar eller narkose. Det er fint om du fortel at all behandling og alt som skjer på sjukehuset, er hemmeleg for alle utanom dei som har ansvaret for behandling og pleie. Dette blir kalla teieplikt. Ei anna vanleg uro er at utsjånaden skal endre seg som følgje av sjukdom eller behandling.
Den unge vil ofte sjølv hente informasjon frå ulike kjelder. Samstundes kan de diskutere dei opplysningane de har funne, og ta stilling til dette saman. Ikkje alt som finst av informasjon på Internett, treng å vere rett.
Planlegg eigen pleie og behandling
Helsepersonell skal alltid lytte til pasienten og ta omsyn til kva han eller ho ønskjer. Oppmuntre gjerne ungdommen din til å kome med eigne synspunkt og stille spørsmål til personalet om eventuelle behandlingar og undersøkingar. Dette kan det vere lurt å tenkje gjennom på førehand.
Bruk gjerne filmar og bilete
Ein skal ikkje ta for gitt at ungdommen veit nøyaktig korleis kroppen ser ut og fungerer. Her kan bilete, filmar og skisser brukast for å forklare.