Leketerapien
Leketerapien finn du i Glasblokkene 4, 3. etasje. Her er det mogleg å leike, lese, spele, vere kreativ og skapande – eller berre slappe av i eit anna miljø

Leketerapien på Haukeland – Ein fristad for leik, kreativitet og meistring
Å vere barn eller ungdom på sjukehus kan vere både vondt og skremmande. Tenk deg ein fristad der både pasientar, sysken og andre barn som er pårørande, kan leike, slappe av og kople av. Det er kanskje verdas viktigaste leikeplass akkurat der og då.
Denne leikeplassen finn du på Barne- og ungdomssjukehuset ved Haukeland universitetssjukehus i Glasblokkene 4, 3. etasje.
Eit tilbod for alle
Leketerapien er eit pedagogisk tilbod til alle barn og ungdomar som har tilknyting til Haukeland universitetssjukehus – anten dei er pasientar, pårørande eller sysken. Vi er her for alle aldersgrupper, frå dei minste barna til ungdomane.
For å besøkje oss må ein vere infeksjonsfri, slik at vi held fristaden trygg for alle som kjem hit.
Gaming, kreativitet og leik
Hos oss finn du lokale som innbyr til både aktivitet og djup konsentrasjon. Vi har:
- Gaming-rom: Utstyrt med PlayStation og Nintendo for dei som vil kople av med spel.
- Kreativ sone: Eit ope og lyst område for måling, forming og hobbyaktivitetar.
- Leikesone: Eit stort område med plass til utforsking, leik og rørsle.
Vi som jobbar her, er spesialpedagogar. Målet vårt er å skape ein trygg arena midt i ein krevjande kvardag. Barnet treng inga tilvising for å kome til oss – de kan kome når det passar eller ved behov. Dersom barnet ikkje er i form til å forlate rommet sitt, kan vi òg tilby leik og aktivitet på pasientrommet.

Her er det barnet som bestemmerNår ein er på sjukehus, er det ofte mange andre som legg planen for dagen. På Leketerapien er det barnet som bestemmer. Her er miljøet tilrettelagt for meistring på eigne premissar, og det er god plass til både rullestolar og senger.
Hos oss går det ikkje føre seg ubehagelege behandlingar eller prosedyrar. Dette er ei «fri sone», der aktiviteten skal forstyrrast minst mogleg. Om ein vil spele PlayStation i to timar, måle eit bilete eller berre sitje heilt stille, er det heilt opp til barnet sjølv.

Gjennom leiken får barna positive opplevingar som gir meistringskjensle. Vi ser ofte at både små og store går inn i ein «flyt» der dei gløymer tid og stad.
I vår sjukehuskrok kan dei minste barna bearbeide inntrykk gjennom leik med ekte sjukehusutstyr, som dokkesenger og medisinsk utstyr. For ungdom og sysken er vi samtalepartnarar som har tid til å lytte når ting kjennest vanskelege. Leketerapien er ein fristad for heile familien. Når foreldre ser barna sine oppleve glede og meistring, ser vi ofte at skuldrene òg senkar seg hos dei vaksne. Slik blir Leketerapien eit verdifullt pusterom for alle i ein krevjande sjukehuskvardag.

Leketerapien
55 97 15 40Opningstider
- Måndag- fredag kl. 8.30-15.00
- Måndag og tirsdag kl. 16:00-18:00 via Frivillighetstjenesten
- Onsdag kl. 16:30-18:30 via Barnas Røde Kors (BARK)
- Sundag kl. 12:00-15:00 via Frivillighetstjenesten
Les meir om tilgang til inneliggjande familiar utanom opningstida