We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Om oss

Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom Helse Vest skal bidra til gode tenestetilbod til pasientar med dei tre diagnosane. Verksemda vår omfattar formidling, fagutvikling, konsultasjon, rettleiing, rådgjeving, forsking og undervisning. RFM Helse Vest gir ikkje tilbod om pasientbehandling, men kan gi råd og informasjon om behandlingstilboda i regionen.

A stack of rocks on a beach

RFM Helse Vest skal:

  • Bidra til kompetanseheving og tenesteutvikling i kliniske einingar i regionen
  • Sjå tilbodet til pasientane i eit livsløpsperspektiv og bidra til gode overgangar mellom ulike tenestenivå og einingar
  • Støtte forsking og fagutvikling som bidreg til utvikling av tenestetilbodet til pasientane
  • Identifisere utfordringar i feltet knytte til diagnosane
  • Ta stilling til kva satsingar det er behov for i regionen

RFM er organisatorisk plassert i Helse Bergen på Kronstad DPS, som er ei eining i Divisjon for psykisk helsevern, og har kontor i Møllendalsbakken 9.

For å sikre forankring i heile regionen fungerer ei referansegruppe i Helse Vest som bindeledd mellom RFM, kliniske eininga  og brukarorganisasjonane. RFM samarbeider også med tilsvarande fagmiljø i dei andre helseregionane, samt nasjonale einingar.

 



Last updated 3/5/2026