We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Balanse­laboratoriet

Balanselaboratoriet er ein del av Øyre-nase-halsavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus og er eit spesiallaboratorium for utgreiing av sjukdommer i balanseapparatet. Laboratoriet får tilvist pasientar frå heile landet til utgreiing. Laboratoriet undersøker ca. 1000 pasientar årleg.

 

da med vr briller

 

Balanselaboratoriet samarbeider tett med Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for vestibulære sykdommer, og har derfor som ein viktig oppgave å bidra til forsking og utvikling innan fagfeltet. 

Vi rådar alle pasientar til først å kontakte sin fastlege, som kan vurdere dei fleste årsaker til svimmelheit og som kan vurdere om det er behov for tilvising til spesialist.

Pasienter busett i Bergensområdet kan ved behov tilvisast til Balanselaboratoriet via fastlegen sin. Dei som bur i andre delar av landet bør i første rekke tilvisast til øyre-nase-halsspesialist lokalt.


 

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 8:00 AM - 3:00 PM
  • Laurdag - Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Klinikk Hode-hals Øyre-nase-halsavdelinga Balanselaboratoriet Postboks 1400 5021 Bergen

Log in to Helsenorge

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss i 2. etasje i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Praktisk informasjon

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient