We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Studentstillingar

Helse Bergen tilbyr sjukepleiarstudentar og medisinarstudentar fast stilling, basert på ein karrieremodell. Karrieremodellen gir dei tilsette moglegheit for praksis i somatiske avdelingar, psykiatriske avdelingar, Drift/teknisk divisjon og i Avdeling for rusmedisin.

Studentane vert tilsett av Bemanningssenteret, og arbeider ved kvar avdeling i 1,5 - 2 år. Arbeidsplikt i 22% stilling er fordelt slik:

  • 10 faste helgar i løpet av eitt år vert lagd inn i årsarbeidsplan

  • Resterande arbeidstid, ca. 20 timar per månad, vil ligge som fleksibel årsarbeidstid og vert planlagd etter behov ved avdelinga. Ein må pårekne arbeid både i helgar og på vekedagar.   

Studentstilling inneber rotasjon ved ulike avdelingar og gir den tilsette moglegheit til å opparbeide seg brei erfaring med ulike pasientgrupper, arbeidsoppgåver og sjukehusdrift.  

Korleis søkje stilling? 

Ledige stillingar i Bemanningssenteret vert lyst ut på Helse Bergen sine Jobbsider

Kvalifikasjonar/ eigenskapar

  • Vere under utdanning innan sjukepleie eller medisin 
  • Sjukepleie- og medisinarstudentar må ha 400 timar pleieerfaring frå grunnleggjande stell/pleie
  • For å kunne arbeide i Hospitaldrift Transport (portør) må du ha førarkort klasse B
  • Meistre norsk, både skriftleg og munnleg
  • Ha eit ønskje om allsidig erfaring innan sjukehusdrift
  • Tilpassingsdyktig og finn deg til rette i ulike miljø
  • Gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Vennleg og respektfull framferd med pasientane, og ønskjer å gjere «det lille ekstra» for at dei skal ha det bra
  • Ha evne til å byggje relasjonar og skape tillitt

Kontaktperson:
Cathrine Fauske Haferkamp
Seksjonsleiar​
Telefon 99426755 / ​55 97 69 00

Epost: cathrine.fauske-haferkamp@helse-bergen.no

Last updated 9/24/2025