We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
Pårørende og pasient sitter i sofa hos behandler. Illustrasjon

Pårørande

Tilbod for pårørande til personar med rusmiddelproblem

Pårørande til personar med rusmiddelavhengnad, som utviklar psykisk liding som følgje av å vera pårørande, skal bli tilvist til psykisk helsevern/ TSB. Her skal dei tilbydast utgreiing og/ eller behandling. I individuell pasientbehandling (med samtykke frå pasient) legg me også til rette for dialog og oppfølging av pårørande etter behov.

A person looking at a city
Foto:Colourbox.com

Oversikt over ulike tilbod for pårørande 

Helse Bergen

  • Samtale hos behandlar i poliklinikk etter tilvising til TSB frå lege, psykolog, NAV kommune, til Avdeling for rusmedisin (AFR) Helse Bergen.
  • Pårørendeseminar kvart halvår (KoRus)
  • Tilbod om foreldresamtalar, familiesamtalar, parsamtalar, samtalar med barn, etter samtykke frå Pasient
  • Gratis drop-in tilbod for pårørande kvar onsdag frå 16.00-18.00 i Østre Murallmenningen 7, 7. etasje. Dette tilbodet er til alle pårørande uavhengig av om den rusmiddelavhengige er i behandling.

Bergen Kommune: Bergen Legevakt: Livskrisehjelpa (55 56 87 54) Tilbodet kan nyttast om ein sjølv, eller nokon ein er pårørande til, er i ei krise. Opningstider kvard. 08.30-22.30, helg/heilagdag 12.00-20.00

Ivareta – pårørande berørt av rus.Pårørandetelefonen 800 40 567 (Kvardagar 9-15). Pårørandekontakt Ivareta Bergen, (482 82 850). Nettside: ivareta.no/ Email: vareta.avd.bergen@gmail.com

LISA-gruppene sin pårørandegruppe (942 19 464) Blir drive av fagpersonar med lang erfaring frå rusfeltet. Heimeside: www.lisagruppene.no Email:post@lisagruppene.no Møtestad: Magnus Barfotsgate 3, kvar torsdag
kl.18.30-20.30.

Blå Kors: Kompasset – Tilbod til barn og søsken av rusmiddelavhengige
(474 57 892). Blåkors kompasset.Send e-post for meir informasjon via nettsida. Blir drive av fagpersonar med spisskompetanse på barn og unge som pårørande.

Al-Anon Bergen. (938 94 399) Heimeside Al-Anon Norge - Håp og hjelp for familie og venner av alkoholikere Vitalitets-senteret Møhlenpris, 2.etg.Wolffs gate 12

CRUX Kalfarhuset oppfølgingssenter- Er du pårørande innan kriminal- og rusomsorga, er du velkomen til å ta kontakt med oss. Meir informasjon om tilbodet finn du i lenkja under.

Pårørende - CRUX

 

 

Informasjon blir gitt om brukar- og pårørandeorganisasjonar som kan gje rettleiing, støtte og informasjon

 

 

 

 

Last updated 2/24/2026