We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
4 prsoner sitter rundt et bord

Rusmedisin poliklinikk Engenhuset

Dette er eit behandlingstilbod for personar som har, eller står i fare for å utvikle, eit problematisk forhold til rusmidlar eller pengespel.

Kva vi tilbyr

Poliklinikk Engenhuset gir utgreiing og behandling til personar med rus- og avhengigheitsproblem, og til deira pårørande. Vi er rundt 40 tilsette med ulik fagbakgrunn – blant anna psykologar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, musikkterapeutar og merkantilt personell.

Alle behandlarane jobbar saman på tvers av fag for å gi best mogleg hjelp.

Korleis behandlinga kan vere

Dei fleste pasientar og pårørande får behandling på poliklinikken. Behandlinga kan til dømes vere:

  • samtaleterapi
  • gruppebehandling
  • sosialfagleg oppfølging (som samarbeid med NAV eller andre tenester)
  • musikkterapi

Vi har også jobbspesialistar som kan hjelpe deg som ønskjer å kome ut i arbeidslivet.

Andre tilbod

Nokre pasientar treng i periodar meir hjelp enn det poliklinikken kan gi. Då kan det vere aktuelt med innlegging eller oppfølging heime. Behandlaren din vil vurdere behovet og hjelpe deg med å få riktig tilbod.

Metodar vi brukar

Vi tilpassar behandlinga etter kva du treng. Nokre av metodane vi brukar er:

  • kognitiv atferdsterapi
  • mentaliseringsbasert terapi
  • motiverande intervju
  • behandling for spelavhengigheit
  • musikkterapi
  • «Jobb Først»-metoden

 

Kontakt

Sentralbord Avdeling for rusmedisin

  • Måndag - Fredag 8:30 AM - 3:30 PM
  • Laurdag - Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Avdeling for rusmedisin Postboks 1400 5021 Bergen

Slik finn du fram

Besøkstider

  • I dag 8:00 AM - 3:30 PM
A building with a crane

Engenhuset

Håkonsgaten 1

5015 Bergen

Drop-in-tilbud for pårørende

Gratis drop-in-tilbud for pårørende
Tidspunkt:
onsdager, klokken 16:00 – 18:00
Sted: ikke avklart

Her kan du som pårørende treffe fagpersoner fra Helse Bergen og pårørende fra Ivareta Bergen. 

Følg Ivareta Bergen på Facebook.

MBT

MBT-RUS er ein behandlingsmetode retta mot samtidig rusliding og personlegdomsforstyrring. I AFR har me eit dedikert MBT-team som jobbar etter denne modellen, organisert under poliklinikk Kanalveien. Det er ein svært sterk samvariasjon mellom ruslidingar og personlegdomsproblematikk.