We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Fysisk trening og kognitiv fungering blant LAR-pasientar

Forskingsprosjektet «Fysisk trening og kognitiv fungering blant LAR-pasientar» er eit bidrag til det som kjem fram i Helse- og omsorgsdepartementets oppdragsdokument om nasjonale satsingsområde, der det vert oppmuntra til større forskingsinnsats for å styrkje fagleg svake område.

PIA undersøkjer behandlingsforløp og då gjerne ved bruk av pilotstudiar og studiar om gjennomførlegheit (feasibilitystudier), og dessutan RCT-studiar og implementeringsstudiar.

​Betre behandling av rusmiddelavhengige er eit slikt område og dette prosjektet bidreg til pasientnær klinisk forsking på denne pasientgruppa.​

Med utgangspunkt i tidlegare studiar som viser positiv korrelasjon mellom fysisk form og mental helse hos rusmisbrukarar, ønskjer vi å undersøke om tidleg igangsetjing av fysisk aktivitet vil gi betring av fysisk og psykisk helse og kognitiv fungering, slik at effekten av annan behandling kan forsterkast. 
 

Problemstilling

  • ​Kva er nivået av fysisk form blant LAR-pasientar?
  • Korleis påverkar trening pasientens fysiske form og kognitive fungering?
  • Korleis påverkar fysisk aktivitet avhald/graden av rusfridom i perioden?
  • Korleis påverkar fysisk aktivitet mental helse og tru på meistring?
 
Ved hjelp av fysiske (laktat- og oksygentest) og kognitive testar måler vi utgangsnivået til LAR-pasientane som ønskjer å delta i prosjektet, før vi set i gang. Deltakarane blir tilfeldig delt i to grupper: eksperiment- og kontrollgruppa. Mens kontrollgruppa ikkje skal trene utover det dei pleier å gjere, skal eksperimentgruppa vere med på trening tre gonger i veka. Treningslengde og -intensitet aukast gradvis, for å unngå skader og for å skape motivasjon. Alle treningsøktene skal registrerast i ein dagbok, der type trening, tid, intensitet og andre merknader er notert. 
 
 Etter tre og seks månader testar vi igjen. Prøvene vil vere lik dei utført på pre-målinga. Det er viktig at post-målingstestane blir utført identisk med pre-målingstestane for å oppnå eit gyldig resultat. I tillegg til kognitive testar og testing av fysisk form, får deltakarane utdelt eit spørjeskjema der kvalitative komponentar blir undersøkt. ​
 

Trening som behandling for LAR-pasientar

Einar Furulund har undersøkt korleis fysisk aktivitet kan forbetre rehabilitering for personar med rusmiddelavhengighet som mottar legemiddelassistert rehabilitering (LAR).
– Studien visar at fysisk aktivitet har potensial til å forbetre både psykisk og fysisk helse hos personane, seier Furulund som disputerte for Ph.d.-graden (v/ UiB) i desember 2024.

Trening som behandling for LAR-pasienter
Gymsalen i sikkerhetsbygget med ball i forgrunnen
Last updated 10/8/2025