We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Tilvising frå sjukehus til privat rehabiliteringsinstitusjon

No skal også sjukehuslegane sine tilvisingar til private rehabiliteringsinstitusjonar bli vurdert av Regional vurderingseining for rehabilitering (RVE). Ny praksis blir innført for alle avdelingar i Helse Bergen frå 1. september 2025, og i Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Førde og dei private ideelle sjukehusa frå 1. november 2025.

For å oppnå eit saumlaust pasientforløp, er det viktig at rehabiliteringsbehov vert vurdert så tidleg som mogleg. Behandlingsansvarleg lege ved sengepost eller poliklinikk vurderer om pasienten har behov for vidare spesialisert rehabilitering og om pasienten medisinsk sett kan skrivast ut av sjukehuset.

Tilvising

Sjukehuslege sender «Henv. rådg. om rehabilitering privat inst. SO»  til RVE (eigen mal i DIPS).

Tilvisingar som er sendt før kl. 14.00 på kvardagar tilstrebar vi å vurdere, og gi tilbakemelding på same dag. 

1.Opprett nytt dokument, skriv rehabilitering i søkefelt

2. Velg Dokumenttype; Henv. rådg. om rehabilitering privat inst. SO (elektronisk)

3. Velg forfatter (hvis det er annen enn pasientansvarlig lege som fyller ut dokumentet)

4. Velg hovedmottaker; REHAB-RVE

5. Fyll ut skjema

6. Sendes til RVE

 

Tilvising bør innehalde følgande informasjon

  • Diagnose og bakgrunn for tilvising,
  • Tidlegere sjukdomar og funksjonsnivå før aktuell skade/sjukdom
  • Aktuell problemstilling, funksjonstap og medisinske problemstillingar
  • Mål for rehabilitering
  • Kva privat rehabiliteringsinstitusjon som er ønska.

Faktorar som kan tale for vidare spesialisert rehabilitering etter sjukehusopphald:

  • Behov for tverrfagleg oppfølging/kompetanse 
  • Behov for, og kapasitet til, intensiv rehabilitering 
  • Alvorelege komplikasjonar som inntreff under sjukehusopphaldet med påfølgande større funksjonstap enn det som var forventa 
  • Medisinsk kompleksitet som fører til større tap av funksjon, og dermed behov for tverrfagleg, spesialisert rehabilitering? 

 

Tilleggskriterier for tilvising av pasientar før planlagt behandling/inngrep:

  • Ved tilfelle der planlagt behandling/inngrep er så komplisert/omfattande at ein forventar behov for tverrfagleg, spesialisert rehabilitering i etterkant.  
  • Ved eit etablert funskjonstap i forkant av behandling/inngrep, som medfører at ein forventar behov for tverrfagleg, spesialisert rehabilitering i etterkant. 

 

 

Sjekkliste for tilvising, vaksne

Sjekkliste for tilvising, born

 

 

Tilvising til avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR)/Spinalenhet skal sendast direkte til den respektive sykehusavdelingen, ikkje via RVE. 

 

 

 

Last updated 9/1/2025