Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)

Foreldresamling (CFS/ME)

Informasjon og oppdatert kunnskap frå dei ulike faggruppene som jobbar med CFS/ME på HABU

Foreldre til barn og ungdom med CFS/ME som blir følgt opp ved HABU.

Kurset kan vere nyttig for både nydiagnostiserte og for dei som har hatt diagnosen ei stund.

Samlinga går over ein dag, og blir arrangert av ME-teamet ved HABU saman med Lærings- og meistringssenteret.

Tema som vil bli teke opp i løpet av samlinga er oppdatert kunnskap om CFS/ME og tiltak knytte til (til dømes) energiøkonomisering, aktivitetsavpassing, rettar, dialog og samarbeid med skule, psykososiale aspekt og familieliv når eit barn har ME og eigenomsorg for foreldre. Dei ulike faggruppene som jobbar med CFS/ME på HABU vil vere med heile dagen (lege, fysioterapeut, ergoterapeut, sosionom, pedagog og psykolog).

Dette er eit godt høve til å treffe andre foreldre i liknande situasjon. Vi vil legge opp til dialog mellom foreldre og fagpersonar og erfaringsutveksling over tema og problemstillingar som er særskilt for foreldre til barn og ungdom med CFS/ME.

Kurset er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år.

Frå 16 år kan det vere ein eigendel. Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenestar og kurset vil vere kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort (helsenorge.no).

Dette kurset er ein del av habiliteringsoppfølginga ved HABU. Pasientar med oppfølging ved HABU eller deira føresette kan ta kontakt på telefon eller e-post:

Telefon 55 97 83 35

E-post barnehab@helse-bergen.no (ikkje sensitive opplysningar)

Tidspunkt for neste samling kjem her.

   
Tilbake til Kurs og grupper

Sist oppdatert 04.06.2026