Nyheitsbrev frå Regionalt senter for kjønnsinkongruens
Behandlingshjelpemiddel og hjelpemiddel ved kjønnsinkongruens
Personar med kjønnsinkongruens kan trenge diverse hjelpemiddel og/eller behandlingshjelpemiddel som kan medføre kroppsleg tryggleik, trivsel og funksjon i kvardagen.

Behandlingshjelpemidla/hjelpemidla kan redusere kjønnsdysfori, gi kjønnseufori og betre livskvalitet. Dei kan inngå i kjønnsbekreftande behandling og påverke sosial tilpassing.
I nasjonalfagleg retningslinje for kjønnsinkongruens er behandlingshjelpemiddel/hjelpemiddel beskrivne slik;
“For enkelte personar med kjønnsinkongruens kan ikkje-medikamentelle tiltak som hjelpemiddel og behandlingshjelpemiddel vere tilstrekkeleg symptomlindring. God tilgang på hjelpemiddel kan gi moglegheit for å teste ønskt kjønnsuttrykk før eventuell kjønnsbekreftande medikamentell eller kirurgisk behandling. Hjelpemiddel er lågterskeltilbod utan kjente negative effektar”.
Frå Nasjonalfaglig retningslinje:
«Det er brei støtte for enklare tilgjengelegheit med hjelpemiddel og behandlingshjelpemiddel i eit desentralisert helsetenestetilbod, utan krav om planlagt hormonell og kirurgisk behandling. Dette blir også støtta i rapporten utarbeidde av Helse sør-aust der det kjem fram at behandlingshjelpemiddel og hjelpemiddel høyrer heime tidleg i eit eventuelt behandlingsforløp. Dette fordi pasientane fortel at det er ei hjelp i ein kjenslemessig og sosial transisjon». (OUS Stab fag, pasientsikkerheit og samhandling. Behandlingstilbod til personar med kjønnsinkongruens/kjønnsdysfori: rapport frå arbeidsgruppa. Oslo: Oslo universitetssjukehus; 2018).
- Spesialisthelsetenesta – Behandlingshjelpemiddel
- Behandlingshjelpemidla er ein del av den kjønnsbekreftande behandlinga og blir ytt av behandlingshjelpemiddeleiningane ved dei regionale helseføretaka
- Kan berre innvilgast av spesialisthelsetenesta
- Stønad blir innvilga frå NAV - Hjelpemiddel
- Folketrygda kan dekke utgifter til hjelpemiddel som er nødvendige for å betre funksjonsevna hos kvar enkelt.
- Kan søkast av primær- og spesialisthelsetenesta, av lege eller anna kvalifisert personell.
Behandlingshjelpemiddel /Hjelpemidler frå spesialisthelsetenesta og via stønad frå NAV, er vederlagsfrie for brukaren.
Barn og unge som blir vist til RSKI vil få tilbod om både behandlingshjelpemiddel og hjelpemiddel som ein del av oppfølginga. Personar mellom 18 og 23 kan visast til RSKI-Vest for rettleiing og prøving av behandlingshjelpemiddel når det ikkje er andre moglegheiter for å rekvirere dette.
Kva finst, og kva kan vi rekvirere:
Her blir dei behandlingshjelpemidla presenterte og hjelpemidla som er dekt av det offentlege/er gratis for pasientar med kjønnsinkongruens.
Oversikt Behandlingshjelpemidler:
Quintet.no leverer produkt som berre kan rekvirerast av spesialisthelsetenesta. Lege, psykologspesialist eller fagperson med delegert ansvar, kan bestille hos eininga til helseføretaket for behandlingshjelpemiddel.
Kompresjonsvestar/ Bindardisse
blir nytta for å flate ut brystpartiet. Finst i kort og lang modell i fire fargar (svart, kvit, brun, beige) og størrelsar XS–5xl. Større størrelsar kan spesialbestillast. Det finst også bade/ treningsbindarar, i kort og lang versjon.
Viktige forsiktigheitsreglar ved bruker av bindarar; Frå Quintet.no: «Bruk ikkje kompresjonsvest meir enn 6–8 timar dagleg, og aldri under søvn. Kroppen treng kvile og restitusjon. Unngå bruk under fysisk aktivitet. Ved svimmelheit, smerte eller kortpustaheit – ta den av med ein gong.»
Uerigert penisprotesekosmetisk protese
med testiklar, med eller utan forhud. Finst i seks fargar.
Boksarar -spesialtruse med lomme for protese. (XS–3xl).
urineringsprotesekan
brukast kosmetisk og til å stå og urinere med. Finst i fire fargenyansar. Boksarar -spesialtruse med lomme for protese. (XS–3xl).
Bruksrettleiing finst på Quintet.no.
Andre spesialistrekvirerte hjelpemiddel som er vederlagsfrie er sleeve-protese som kan vere aktuelle for pasientar etter testosteron behandling eller dilatorer som er aktuelle etter hormonbehandling og kirurgi for vaksne pasientar.
Oversikt hjelpemiddel stønad frå NAV
Hjelpemiddel som kan bestillast både i primær- og spesialisthelsetenesta.
Erigert penisprotesebestillast
av lege via bestillingsskjema på NAV. Eigna til samleie, blir erigert med innebygd pumpemekanisme. Finst i to størrelsar og fem fargar. Leverandør: Quintet.no.
Brystproteser
Lege eller anna kvalifisert helsepersonell bekreftar behov og diagnose skriftleg ved å skrive ei bekrefting som pasienten tar med seg til forhandlar. Pasienten finn forhandlar via produsent
Amoena sine nettsider. Det blir anbefalt å avtale time, da enkelte forhandlarar kan ha personale med ekstra kompetanse på kjønnsinkongruens. Protesane finst i ulike fargar og størrelsar. Førstegongsmottakarar får også ein brysthaldar. Leverandøren tar oppgjer direkte med HELFO.
Her kan du lese meir om Hjelpemidler og tenester på våre nettsider.
I vår Elektroniske kvalitetshandbok i Helse Bergen, kan de også finne meir info om blant anna rutinar rundt behandlingshjelpemiddel og tenester (Kvalitetssystem).