Behandlar si medisinske vurdering av behov for organisert pasientreise kan vere grunna fysiske eller psykiske årsaker. Gjennom avkryssing for spesielle behov, og eventuelt merknader i fritekstfelt, skal behova pasienten har under reisa formidlast til sjåføren som skal utføre oppdraget – utan at sensitive personopplysningar vert delte.
Bruk av spesielle behov for ekstra ivaretaking av pasient
Pasientreiser, og transportøren som utfører tenesta, har ansvar for å sikre forsvarleg transport basert på informasjonen som er gitt i rekvisisjonen.
Ekstra hjelp og ivaretaking kan innebere:
☑ Hjelp til og frå transportmiddel
Når du kryssar av for "Hjelp til og frå transportmiddel" viser det transportør at pasienten treng hjelp av sjåfør for å kome seg til og frå bilen. Pasienten klarer ikkje dette på eiga hand.
☑ Må ikkje overlatast til seg sjølv
For pasientar som treng ekstra ivaretaking, til dømes ved kognitiv svikt, kan du krysse av for behovet “Må ikkje overlatast til seg sjølv”.
Det er viktig å merke seg at dette ikkje erstattar behovet for ledsagar.
Når du vel dette behovet, kjem det opp ei melding der du som behandlar må stadfeste at det er avtalt i forkant med ein kontaktperson på leveringsstaden at pasienten blir tatt imot ved ankomst.
Behovet inneber at sjåføren ikkje skal forlate pasienten åleine, og må sikre at pasienten blir møtt av rett person ved avstiging – i tråd med bestillinga.
Behandlar/ rekvirent har ansvar for
- å avtale mottak av pasienten på leveringsstaden med helsepersonell, heimesjukepleie eller pårørande på leveringsstaden innan bestillinga blir gjort.
- å føre opp kontaktperson med telefonnummer i bestillinga, slik at sjåføren ikkje møter utfordringar ved levering.
- Kontroller at leveringsstaden er korrekt i bestillinga.
Vurdering av behov for ledsager og tryggleik ved pasientreise
Det er viktig å vurdere kva behov pasienten har under reisa for å sikre tryggleik og unngå uønskte hendingar. Dersom pasienten treng nokon som kjenner til helsetilstanden undervegs, må det vere med ein ledsagar. Vurder også om det beste er at pasienten blir køyrd av pårørande.
Sjåføren skal ikkje, og kan ikkje, erstatte ein ledsagar ved pasientreise. Han eller ho kan ha fleire pasientar med på same tur. Tenesta omfattar hjelp inn og ut av bil og behandlingsstad, samt hjelp med bagasje og hjelpemiddel.
Dersom det er tvil eller usikkerheit rundt pasienten si helsetilstand og tryggleik under reisa, skal det ikkje bestillast pasientreise.
Dersom risikoen kan fjernast ved at pasienten har med seg ein ledsagar eller ein kvalifisert ledsagar, kan pasientreise likevel brukast.