Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Pasientkurs

Skulderskolen

Vondt i skulderen? Skulderskolen er eit tilbod til pasientar med skulderplagar som ønsker å lære meir om skulderen og meistringsstrategier for ein betre kvardag.

4.
juni
2024
  1. 04. jun. 2024, 09:00 - 14:00

Tid og stad

Når

  1. 04. jun. 2024, 09:00 - 14:00

Type arrangement

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende

Arrangør

Kvar

Lærings- og meistringssenteret
Lærings og meistringssenteret Ulriksdal helsepark 4. etg. Ulriksdal 2

Påmelding: 

Pasientar i målgruppa vil få tilbod om deltaking etter vurdering ved Ortopedisk poliklikk ved Haraldsplass Diakonale sykehus.

Meld frå om spesielle behov. 
 
Gruppebasert opplæringstilbod.

Målgruppe

Tilbod for deg med skulderplagar og som har blitt vurdert av Ortopedisk poliklinikk.

Kostnadar 

Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort, og gratis for pårørande. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.

Servering 

Kaffi, te og ein enkel lunsj er inkludert.

Innlegg 

Kurset er ein kombinasjon av teoretisk og praktisk rettleiing med ortoped (lege), fysioterapeut, ergoterapeut, NAV og brukarrepresentant.

Gjennom kurset vil du få ei betre forståing av dine skulderplagar og årsak til desse. Du vil lære korleis du sjølv kan redusere skulderplagane. Du vil også få informasjon om dine rettar i forhold til arbeid og tilrettelegging.

Program

09.00 - 09.10 Introduksjon
09.10 - 10.05 Informasjon ved ortoped (lege)
10.05 - 10.15 Pause 
10.15 - 11.00 Informasjon ved fysioterapeut
11.00 - 11.30 Lunsj gruppe 1 |
Introduksjon øvingar gruppe 2
11.30 - 12.00 Lunsj gruppe 2 |
Introduksjon øvingar gruppe 1 
12.00 - 12.10 Pause
12.10 - 12.50  Informasjon ved ergoterapeut
12.50 - 13.00 Pause
13.00 - 13.40 Informasjon ved Nav 
13.40 - 14.00 Spørsmål og evaluering

Parkering

Det er parkering mot betaling i Ulriksdal Helsepark og parkeringsanlegga over gata og ved Haraldsplass Diakonale Sykehus.

Kontakt

Andre datoar

  1. 4.
    oktober
    2024
    Skulderskolen
  2. 6.
    desember
    2024
    Skulderskolen