Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Bergen gynekologiske kreftforskings­gruppe - KK

Formålet med forskinga er å få betre kunnskap om korleis underlivskreft oppstår og utviklar seg, og dermed kunne gje ei betre og meir målretta behandling for kvar enkelt pasient. Bergen gynekologiske kreftforskingsgruppe vert leia av professor Camilla Krakstad, og omfattar leger, cellebiologar, bioingeniørar, farmasøyt, veterinær, fysikar og studiesjukepleiarar.

For å kunne drive forskinga, er gruppa avhengig av pasientmateriale (blodprøver, urinprøvar og vevsbitar) samt pasientinformasjon. Det vart derfor oppretta en biobank allereie i 2001. Så langt har vi prøvar frå over 4000 pasientar som har samtykka til å delta. Dette er ein stor biobank både i nasjonal og internasjonal målestokk, og gjev oss eit unikt forskingsmateriale.

Sjå oversikt over medlem i gruppa

Slik finn du fram

Bygning med store glassflater

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen