Kva kan marknadskonsulenten hjelpe deg med?
Marknadskonsulenten er bindeleddet mellom primærhelsetenesta og dei ulike avdelingane i Laboratorieklinikken. Rolla omfattar praktisk oppfølging, informasjonsarbeid, koordinering og samarbeid.
Treng du hjelp med:
- Oppfølging og samarbeid
- Oppfølging av legekontor og andre rekvirentar
- Oppfølging av spørsmål, innspel og utfordringar
- Informasjon og rettleiing
- Informasjon om laboratorietenestene våre
- Rettleiing om prøvetaking, rekvirering og rutinar
- Informasjon om nye tilbod, endringar og aktuelle saker
- Interactor
- Spørsmål om og opplæring i Interactor
Besøk hos rekvirentar
Marknadskonsulenten kjem gjerne på besøk til legekontor og andre rekvirentar for rettleiing, opplæring og informasjon om tenestene i Laboratorieklinikken. Ta kontakt dersom du ønskjer eit besøk eller har behov for oppfølging.
Kurs og fagleg oppdatering
Marknadskonsulenten koordinerer og tilrettelegg for kurs, undervisning, temakveldar og andre faglege møte for primærhelsetenesta.
Målet er å bidra til fagleg utvikling og leggje til rette for god samhandling mellom rekvirentar og Laboratorieklinikken.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller ønskjer meir informasjon.
📞 Telefon: 954 22 394
✉️ E-post:
hege.lid@helse-bergen.no