Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Indikasjonar for å vurdere blodutstryk

Hovudindikasjonen for å rekvirere blodutstryk er klinisk eller biokjemisk mistanke om leukemi.

Fagleg oppdatert 26.02.2026.

Blodutstryk vert i hovedsak vurdert for å skilje reaktive tilstandar frå maligne blodsjukdommar.   

Laboratoriet vil sjå på blodutstryk ved følgjande forhold (for barn gjeld eigne kriterium, sjå Analyseoversikten.no - Blodutstryk

  • Blastmelding frå instrumentet og talet på leukocyttar/differensialteljing, Hb eller trombocyttar er utanfor referanseområdet for kjønn/alder 
  • Reaktive lymfocyttar og anemi og/eller trombocytopeni 
  • Eosinofile ≥ 5 x109/L 
  • Førstegongs leukocyttar ≥ 30   x 109/L  
  • Mistanke om mikroangiopati, dvs. varsel om fragmenterte, raude blodceller og samstundes anemi og/eller trombocytopeni 

Vurderinga vert basert på ei totalvurdering av hematologiske verdiar, dei kvite cellene si morfologi, samt kliniske opplysningar. Blodutstryk vert ikkje vurdert ved kun lette/moderate avvik i celletal, då vurdering av blodutstryk gjev liten tilleggsinformasjon i desse tilfella.   

For utgreiing av andre hematologiske tilstandar, som ikkje er omfatta av kriteria for å vurdere blodutstryk, finst det andre prøvar ein kan rekvirere, til dømes: 

  • “Hemoglobinopatiutredning” ved mistanke om hemoglobinopatiar som sigdcelleanemi eller talassemi.  
  • «Polycytemia vera/myeloproliferativ sykdom, initial utredning» (JAK2V) ved vedvarande trombocytose >450*10^9/L   
  • “Immunfenotyping, utvidet” ved vedvarande absolutt lymfocytose ≥5*10^9/L hos personar > 40 år og mistanke om kronisk lymfatisk leukemi .   

Tiltak ved mistanke om alvorleg hematologisk sjukdom

Ved mistanke om akutt leukemi, mikroangiopati eller alvorleg eosinofili vert hematolog kontakta for vidare avklaring og utgreiing. 

Ved mistanke om kronisk myeloid leukemi, myelodysplasi eller enkelte andre hematologiske tilstandar blir utstryket sendt til vurdering hos hematolog. Rekvirenten vil få skriftleg svar vanlegvis i løpet av 1–2 veker.  

Sist oppdatert 26.02.2026